Karin Grönlund har ikkje bestemt seg for kvar kunstnarens urne skal plasserast.

— Av og til tenkjer eg her i Stockholm, av og til meiner eg Naustdal. Eg skulle gjerne delt fifty-fifty.

Sjølv om Kjartan Slettemark budde i den svenske hovudstaden mesteparten av sitt vaksne liv, og også fekk svensk statsborgarskap, var han sterkt knytt til heimbygda i Sunnfjord.

— Berre få dagar før han døydde snakka Kjartan om at vi måtte på Slettemarkstølen til sommaren.

Også sambuaren har fått eit nært forhold til bygda og familien.

— Eg kjem sikkert til å reise til Naustdal mange gonger. Vi hadde mange gode stunder der. Naturen er så vakker, så rein.

Første gongen blir sannsynlegvis i juni, då ho og systera Marie skal til Slettemarkfestivalen. Sommarens festival får eit sterkt preg av minnemarkering. I barnehagar, skular og ungdomsklubb skal born og unge jobbe med samtidskunst frametter våren. Arbeidet skal munne ut i ei minneutstilling festivalhelga. Planen er også at det ferdige «Budeie»-monumentet skal avdukast. Så langt står den fem meter høge statuen åleine på Sanden. KjARTan-rosene (storversjon av Slettemarks colablomar laga av aluminiumsboksar) og steingardane som skal ramme inn monumentet, er ikkje på plass.

— Vi ser veldig fram til dei dagane, seier Karin Grönlund.