— Du skal få prøve saka i Høgsterett.

Moe vart landskjend då Gulating lagmannsrett dømde han til å betale 1000 kroner i bot for å ha teke opp seks videoopptak på i alt tre timar av ei kvinne som stal frå kassa hans.

Ifølgje avisa Firda meiner urmakaren at kvinna over tid stal mellom 400.000 og 500.000 kroner frå butikken hans.

Prova, i alt tre timar videoopptak, fekk urmakar Moe ikkje legge fram i rettssaka mot den tilsette. Det enda med at han vart dømd for ulovleg overvaking av ein tilsett og fekk 1000 kroner i bot.

— Eg er svært godt nøgd med at Kjæremålsutvalet meiner saka mi er viktig nok til å bli handsama i Høgsterett, seier Moe, som også vedgår at han aldri hadde venta eit slikt utfall, på grunn av den vesle bota på 1000 kroner.

Høgsterett avgjer saka til hausten.

– GODT NØGD: – Eg er svært godt nøgd med at Kjæremålsutvalet meiner saka mi er viktig nok til å bli handsama i Høgsterett, seier urmakar Eystein Moe (t.h.) Her saman med advokat Nicolay Skarning då saka var oppe i Gulating lagmannsrett.