— EG HÅPAR HO HELD SEG i ro til vi er forbi, seier fotografen. Han står og myser med hovudet på skakke mot eit landskap som ikkje framstår som særskilt venlegsinna.

Haustsnøen gjer Purkedalsgjelet mjukare og mildare enn det brukar å vera, men ikkje meir enn at villskapen bryt gjennom. Grått fjell stuper ned frå høgdene, og av og til slepp det frå seg ei blokk eller ein stein eller ei heil lita røys.

Det er år med oppsamla stein som har lagt seg i vifteform nedetter fjellsidene i Purkedalsgjelet. Fotografen si uro er ikkje grunnlaus, for ura er enno ung og ustabil. Ein må føta seg med vit og varsemd, og det er ein heilt naturleg refleks å gløtta oppover mot bratte berget, der opphavet til ura finst.

MEN I DAG ER DET berre små istappar som losnar frå fjellsida og kjem siglande gjennom den skarpe haustlufta. Sola bit enno i dei sørvende skråningane og freistar å laga vatn att av det skuggane har frose.

Purkedalsgjelet er, når sant skal seiast, ei einaste lang røys. Ein dryg kilometer med stein på stein. Eit heilt dalføre med grunnfjell som vatn og is og tyngdekraft har skilt frå det opphavlege. Grått og mektig, bratt og hardt. Ein kjenner seg liten i slikt selskap, sårbar under slike brattheng. Purkedalsgjelet er kan hende noko av det mest alpine turterrenget ein kan finna i det bergenske nabolaget.

Det finst avgjort lettare vegar til Gullfjellstoppen enn den gjennom Purkedalsgjelet, og det er ein grunn til at det ikkje er teikna inn stig her på kartet. Her er ingen stig, og slik blir Purkedalsgjelet ein tilkomst til Gullfjellet for dei spesielt interesserte, for dei som let seg fascinera av råskapen og veit at dei meistrar slikt terreng.

TUREN TEK TIL inst i Hausdalen,der asfalten sluttar og den gamle militærvegen tek til. Hausdal ligg klemt mellom Svenningen i sør og Hausdalshorga i nord, og på båe sider i dalen innover reiser fjella seg bratt mot himmelen. Men i dalbotnen renn Hausdalselva stilt og roleg i lange strekk, og Brekkedalen, med grusvegen, furuskogen, elva, vatn og loner representerer eit sjølvstendig turområde som mange veit å nytta.

Purkedalsgjelet er ikkje til å ta feil av, der det ligg og glefsar beint nord for Sauafjellet. Inn i gjelet kjem ein lettast om ein følgjer elvefaret innover. Men nett som i gjelet sjølv, krev det litt ekstra innsats og pågangs- mot å ta seg fram i eit landskap som i utgangspunktet er meir avvisande enn det er inkluderande.

PURKEDALSGJELET endar i eit trongt skar 700 meter over havet. Innanfor vidar dalen seg ut, og etter turen gjennom ura er det som å stiga inn i ein oase, med grasbakkar og stille vatn. Sommar som vinter er dette ein del av Gullfjellet som brorparten av brukarane overlet til seg sjølve.

Gullfjellet er knudrete, furete og fullt av søkk og ujamnheiter. No er vinteren undervegs med pudder og pensel, klar til å glatta ut alle alderdomsteikna. Allereie har varderekkja over høgdedraga fått kvit kåpe på, men for ein vandringsmann er det enno kløfter å kliva, kantar å runda. Mykje snø skal falla, og mange vindar skal blåsa før vi kan gli over kvite vidder og perfekte flater, og det er i seg sjølv forunderleg å sjå kva kraft årstidene har i seg til å endra landskap så dei knapt er attkjennande.

PÅ GULLFJELLET FÅR KREFTENE ofte fritt spelerom. Her har skodde, snø og vatn ved fleire høve vore skuld i at liv er gått tapt. Mest dramatisk var det i april 1934 då seks skiløparar gjekk utfor stupet på toppen. Fire av dei miste livet. Så seint som i august 2004 omkom to av deltakarane i eit mosjonsrarrangement.

Men i dag er det høg himmel over Gullfjellet og vide utsyn. Frå Gullfjellstoppen nesten 1000 meter over havet, men også frå Hausdalsåsen mot Hausdalen og øvste delen av Osvassdraget. I skumringstimen glitrar vassdraget som ei perlerad her frå høgdedraga, og heilt i horisonten ligg raudt og oransje enno stabla i tynne lag over havflata der sola nett gjekk ned.

Skumringstimen i lyngen på Hausdalsåsen er ein mjuk og fargerik kontrast til Purkedalsgjelets bleike minimalisme, og det er freistande å bli sitjande her med smulane i nistepakka. Men som eit førarlaust flygeteppe kjem svarte natta og legg seg over landskapet og minner om at det er ei tid for alt.

Helge Sunde