Fjella speler når verten bles i luren og ønskjer velkomen til Haaheim Gaard.

For tre veker sidan opna Torstein Hatlevik restaurant saman med kompanjong, kyrkjetenar og heimehjelp Ruth Sletteskog.

Ryktet går. Gjestar kjem frå Bergen, Stord, Husnes, Voss og Valdres. Allereie har restauranten omsett for 170.000 kroner.

Det er ni år sidan musikaren frå Espevær kjøpte det nedlagde småbruket på Tysnes. I ei årrekkje har han jakta antikvitetar og historiske skattar og forvandla heimen til autentisk 1900-tals stil. Også i restauranten i murkjellaren er stilen gjennomført.

– Eg er levande oppteken av historie og formidling av tradisjonar. Utan kjennskap til dette kan me ikkje ta dei rette vala, seier han.

Sjå bildefortellingen over.

Les meir i Bergens Tidende 31.07.2009