Ambulansearbeidaren,som er utdanna hjelpepleiar, måtte slutte i Helse Førde og har no fått eiformell åtvaring for brot på helsepersonelllova.

Iei tidlegare tilsynssak mot kvinna konkluderte Statens Helsetilsyn med at hohadde oppført seg så aktlaust at det også då var grunnlag for å gje henne eiåtvaring. Den gongen meinte Helsetilsynet mellom anna at ho gav uretteopplysningar til dei, og at ho førte urette opplysningar inn i pasientjournal.Men den gongen drog saka så langt ut i tid at ambulansearbeidaren slapp denformelle reaksjonen.

Åtvaring

Menetter ei vakt i februar 2011 var begeret fullt for arbeidsgjevaren Helse Førde.Blant anna skal kvinna ifølgje ei rekke kollegar ha sovna på vakt, ikkje møttfram i tide ved hasteoppdrag og ha rota med medisindoseringa til ei fødandekvinne i ambulansen. Ho forveksla storleikane milligram (mg) og milliliter(ml), og var heller ikkje sikker på kor mykje skulle gje pasienten avtilmålt dose.

Påbakgrunn av mellom anna desse forholda sa Helse Førde henne opp den 10.februar, men kvinna tok ut stemning mot arbeidsgjevaren og kravde stillingatilbake. Den 24. juni i fjor vart partane forlikte om at oppseiinga varugyldig, men på vilkår av at kvinna sjølv sa seg opp.

Nohar Helsetilsynet gjeve ambulansearbeidaren ei formell åtvaring på grunnlag avdei same forholda. Tilsynet slår fast at kvinna ikkje var skikka til å møte påjobb den aktuelle vakta, at ho ikkje har gjeve ei truverdig forklaring påforholda og at ho har handla i strid med det medisinsk forsvarlege.

«Lite korrigerbar»

— Dettehar medført ein fare for tryggleiken i helsetenesta, skriv Helsetilsynet i sittvedtak.

Vidaremeiner tilsynet at hjelpepleiaren tykkjest å ha lite forståing for den risikoenho har utsett pasientane for, og viser også til den tidlegare tilsynssaka derdet også vart fastslått at ho braut helselovgjevinga på fleire punkt.

«Dettesyner at du er lite korrigerbar», skriv Statens Helsetilyn i brevet til kvinna.