Dette kjem fram i det første forskingsprosjektet om livkvalitet i Norge.

Det er ikkje lenger berre karrieremessige argument for å begynne på universitetet. Den første, omfattande undersøkinga om livskvalitet i Norge viser at folk med universitetsutdanning har både betre mental og fysisk livskvalitet enn folk med berre grunnskule.

Arbeidet er utført av ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen, og vart nyleg lagt fram på ein stor, internasjonal konferanse for lungemedisinsk forsking i Atlanta, USA. 3200 hordalendingar i alderen 26–81 år har svart på spørsmål om livskvalitet og helse i undersøkinga. 30–40 prosent av dei er røykarar.

Røykarar i god form

— At utdanning tel positivt i forhold til livskvalitet, er ein tydeleg tendens i materialet, og samtidig det mest overraskande funnet, seier stud.med. Marianne Aanerud, som presenterte Hordalands-materialet i USA.

— Å investere i utdanning gir positive utslag både for helse og livskvalitet. Høgare skule- og utdanningbudsjett kan med andre ord gje høgare helsegevinst.

Bergens-forskarane har prøvd å finne svar på korleis alder, kjønn, utdanning og røykevanar påverkar vanlege folks livskvalitet. Overraskande nok viser materialet at røykjarar ikkje har dårlegare fysisk livskvalitet enn ikkje-røykjarar.

— Det kan vere eit utslag av det vi kallar «healthy smoke effect»: At røykjarar som ikkje tåler det, har slutta, mens dei som ikkje blir dårlege, held fram.

Derimot har røykarar dårlegare mental livskvalitet.

— Men vi veit ikkje i dag om dei får dårlegare livskvalitet av å røyke, eller om det er omvendt. Denne typen kunnskap kan bety mykje i arbeidet for å få folk til å slutte å røyke, seier Aanerud.

Angår pasienten

Livskvalitet er eit relativt nytt begrep innan medisinsk forsking, men er blitt stadig viktigare dei siste åra.

— Pasientane er svært opptekne av livskvalitet, fordi det er noko dei føler på kvar dag, seier professor og overlege Amund Gulsvik på Lungeavdelinga ved Universitetet i Bergen.

— Eit røntgenbilde er for eksempel til stor nytte for legen, men angår pasienten direkte i mindre grad. Derfor er det viktig at vi i større grad måler også det som betyr noko for pasienten. Men livskvalitet varierer med alder, kjønn og utdanning, og det er noko fagfolk må ta hensyn til.