KJERSTI MJØR

Tverrfagleg, nytenkjande og med fokus på helsemessige, marine og globale perspektiv. Slik marknadsfører Universitetet i Bergen sitt nye satsingsområde — mat.

Tolv bergensstudentar er alt i gang med eit masterprogram i human ernæring, som vart etablert i fjor haust. Til hausten opprettar universitetet eit nytt masterstudium i klinisk ernæring. Forventningane og ambisjonane er høge.

— Målet er betre livskvalitet og helse for både friske folk og pasientar, seier professor Alfred Halstensen, som er leiar for Programstyret for ernæringsutdanning og -forsking ved UiB.

— Det er stor interesse for ernæring, og vi forventar svært god rekruttering. Håpet er også at betre kunnskap inspirerer til større gründerverksemd, fleire arbeidsplassar og ny vekst.

«Hot» tema

Mat og helse er eit stort og omstridd tema i vår tid. Medan etablerte forskarar kranglar med nye kosthaldsprofetar, oppdaterer aviser og tv oss dagleg om kva som er sunt og usunt. I mellomtida blir nordmenn tyngre og tyngre.

— Det er veldig «hot» med ernæring i media, anten det gjeld vin, fisk eller kylling, seier Halstensen til BT.

Det er også mykje forvirring. Mange er overbeviste om at visse matvarer gjer dei sjuke, men føler at den etablerte skulemedisinen ikkje tek dei på alvor, og vender seg til den alternative helse- og livsstilsmarknaden for hjelp.

Universitetet ønskjer å samarbeide, ikkje konkurrere, med dei alternative aktørane.

— Vi ønskjer å bidra til at vi totalt sett får betre kunnskapar om ernæring, også hos dei som driv alternativt. Dei er ein aktuell samarbeidspartnar for oss. Noko av det dei marknadsfører er bra, andre ting kanskje tull. Vi ønskjer betre dokumentasjon også av slike produkt., understrekar Halstensen.

— Ein anna utfordring er å få folk til å velje sunn mat som fisk i staden for chips.

Langsiktig forsking

Både medisinarar, psykologar, tannlegar, teknologar, samfunnsvitarar, biokjemikarar og næringsliv forskar i dag på ernæring i Bergen.

I framtida skal kompetansen samlast i ei felles, tverrfagleg satsing. Det nye forskingsprogrammet skal styrke Bergens status som nasjonalt tyngdepunkt innan ernæringsforsking og utdanning.

— Det blir eit opnare samarbeid mellom forskingsinstitusjonane og næringslivet, seier Halstensen til BT.

Ein nøkkelperson er professor Arnold Berstad, som i mange år har forska på ernæring saman med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.

— Det er stor interesse for dette feltet. Frå vår side er dette eit forsøk på å kome på bana, seier Berstad til BT.

— Men mat er eit vanskeleg forskingsfelt. Å endre kosthaldsvanar kan ha dominoeffekt. Soyafeitt i staden for mjølkefeitt kan på kort sikt få ned kolesterolet, men kan på lang sikt føre til meir allergi og kreft. Slike konsekvensar og biverknadar ser vi ikkje før 20-40 år seinare.

- Ta pasientar på alvor

Stadig fleire trur at dei blir sjuke av det dei et. Desse pasientane føler ofte at legane misser interessa for dei, når dei ikkje finn årsaker til plagene. Slike subjektive helseplager kan i stor grad gå utover velvære og arbeidskapasitet.

— Kroniske magesmerter kan gjere at du misser konsentrasjonsevna, og ikkje klarar å jobbe. Magen påverkar hjernen og omvendt; det er ikkje alltid godt å vite kor plagene byrjer, seier Berstad.

— Satsinga er i høgste grad eit forsøk på å ta desse pasientane meir på alvor, og at legane kan lære meir om ernæring som også kjem desse pasientane til gode.