— Når det sit personar i trappegangar og overalt i auditoria, vil det bli svært vanskeleg å komme seg ut om det oppstår brann. Derfor skal det ikkje opphalde seg fleire i auditoria enn det er sitteplass til, seier brannvern- og områdeleiar Gunnar Mikkelsen ved driftstenesta ved Universitetet i Bergen (UiB) til Studvest.

Førelesarar Studvest har snakka med seier at dei ikkje har vore klar over reglane.