— Vi har fått eit søsterfellesskap, seier Elisabeth Brakestad (54) frå Sola. Brakestad, Grethe Totland (60) frå Øygarden, bergensarane Bodil Elise Nesse (54) og Bodil Eidsheim (60), Anne de Presno (52) frå Stavanger og Grete Navarsete Bjering (57) frå Sogndal er tilbake på rehabiliteringssenteret i Sunnfjord fem år etter at dei kom hit første gongen.

Den gongen fekk dei gjennom tre veker fysisk trening, samtaleterapi og undervisning om sjukdomen. Etterpå blei dei sende heim for ein mellomperiode. Med seg hadde dei eit treningsprogram, og måtte rapportere tilbake til prosjektleiinga. Etter tre månader var det klart for ein ny periode på opptreningssenteret.

Ein ny start

— For meg blei kreftdiagnosen ein stopp i livet. Her møtte eg andre i same situasjon, og fekk eg trua på at eg kunne klare å gå vidare, seier Anne de Presno.

For fem år sidan var rehabilitering av kreftpasientar bortimot heilt nytt. I dag er det framleis sjeldan, og tilfeldig kven som får tilbodet.

— Det er ingen opparbeidd tradisjon for at kreftpasientar treng rehabilitering. Tradisjonen har heller vore at for dei som fekk kreft, var døden neste. I dag overlever stadig fleire ein kreftdiagnose. Då blir det viktig å få dei tilbake til arbeidslivet og samfunnet, seier fysioterapeut Kari Fismen. Ho er prosjektleiar for rehabiliteringsforsøket med kreftpasientar.

Lo litt, og grein litt

Kvinnene har halde nær kontakt etter at dei kom med i brystkreftprosjektet. Dei har hatt treff hos kvarandre, og pratar jamleg på telefon. To av medlemene i gruppa har gått bort sidan dei møttest første gongen.

— Vi blei pressa til å flytte grenser. Tenk at eg nokon gong skulle kome oppå ein hest, ler Elisabeth Brakestad.

Latteren sit laust rundt stovebordet i ei av hyttene på senteret. Kvinnene kjenner kvarandre. Dei har same erfaringsbakgrunn. Dei har sett døden i kvitauget i form av ein alvorleg diagnose.

— Fellesskapen har vore veldig viktig. Vi budde i lag på hyttene, og fekk snakka saman, seier Grete Navarsete Bjering.

— Vi lo litt, vi grein litt. Då vi drog, kjende eg det som eg hadde snakka meg ferdig, seier Bente Elise Nesse.

Av dei 50 som var med i første fase av prosjektet, lever 36 i dag. No i vinter har alle fått tilbod om å kome tilbake for eit vekeopphald.

Ni av ti i jobb

Målet er å få kunnskap om funksjonsevne, arbeidsevne og livskvalitet hos brystkreftopererte kvinner fem år etter avslutta behandling og rehabilitering. Etter det siste rehabiliteringsopplegget kom bortimot 40 av dei 50 kvinnene som var inne i prosjektet tilbake i jobb.

Korleis er dette no? Kor mange har vore nøydde til å omskulere seg? Korleis er familiesituasjonen? Har ekteskapet halde, trass i den alvorlege sjukdomen? Slike spørsmål er det prosjektleiar Kari Fismen vil ha svar på.

Eit av problema til forsøksprosjektet om rehabilitering av brystkreft er at det er få studiar om korleis dei kreftsjuke har det utan rehabilitering. Andre studiar kan tyde på at så mange som halvparten av kreftopererte aldri kjem tilbake i arbeid. Etter at behandlinga er over, får kreftopererte ofte psykiske vanskar, og dei slit med fysiske problem som varierer ut frå kva type kreft dei har hatt.

— Situasjonen i dag er slik at Kreftregisteret ikkje har materiale til å seie noko om funksjons- og arbeidsevna til kreftpasientar som har gjennomgått hard behandling for sjukdomen. Vi kan berre skaffe oss erfaring i forhold til denne gruppa, seier Kari Fismen.

Resultata frå femårsgranskinga blir klart i sommar.