— Vi skal analysere ein del blodprøvar på ein måte som er heilt på forskingssstadiet. Så vidt vi veit har ingen gjort det før på ei så stor gruppe menneske, seier professor Bente Moen ved Universitetet i Bergen.

På eit folkemøte på Dalsøyra i Gulen i går kveld informerte Haukeland Universitetssjukehus og universitetet om korleis den store helseundersøkinga skal gjennomførast i Gulen og Masfjorden.

Immunforsvar

Professor og arbeidsmedisinar Bente Moen fortalde at dei vil sjå på om det svulsthemmande stoffet p53 kan ha blitt påverka av kjemikaliane innbyggjarane er blitt utsette for.

— Proteinet p53 passar på genmaterialet vårt. Vi trur dette proteinet kan bli påverka av kjemiske stoff. Har folk lite p53 i kroppen, er faren større for å få kreft, fortalde Moen.

I undersøkinga vil det også bli prøvd å finne svar på kva konsekvensar negativt stress har hatt som følgje av eksplosjonen i mai i fjor.

Innbyggjarane i Gulen skal svare på eit spørjeskjema og gjennomføre ei legeundersøking som omfattar urinprøve, undersøkingar av hud, hals, hjarte, lunger og tårekanalar.

— Vi vil sjå om dei kjemiske stoffa har sett spor etter seg, sa Moen til dei frammøtte i samfunnshuset på Dalsøyra.

Alle i området

Alle som jobba på industriområdet i Sløvåg då tankane gjekk i lufta, skal undersøkjast. Det same skal alle som tok del oppryddinga og dei som bur i nedfallsområdet. Resultata skal så kontrollerast opp mot eit like stor kontrollgruppe frå ytterkanten av dei to kommunane.

Dei første personane møter til undersøking 10. november. Helsegranskinga skal vere avslutta i mars, og første rapporten skal vere klar i juni. Om tre år vert det gjennomført ei tilsvarande undersøking for å sjå om helsetilstanden har endra seg med tida. Det kan også bli aktuelt å gjere same undersøkinga påny om ti år.

Kommunelege Tommy Norman i Gulen var svært godt nøgd etter møtet i går.

— Endeleg! Etter å ha kjempa mot vindmøller på alle kantar, opplever eg dette som ein gledas dag.

SPØRSMÅL OM UNGANE: Dei vel 40 frammøtte på gårsdagens folkemøte gav klart uttrykk for at dei oppfatta informasjonen som blei gitt som svært positivt. Dei få spørsmåla til professor Bente Moen dreidde seg mykje om ungane.
Picasa 2.7