Det var fredag kveld ein syttenåring frå Bergen og to unge gutar frå Lindås braut seg inn på området til Isdalstø Auto i Knarvik, skriv Strilen.

Inne på området fann dei ein bil med startnøkkelen liggjande i askebegeret. Dei manøvrerte bilen ut gjennom ei opning dei hadde klippa i nettinggjerdet, og køyrde til Frekhaug.

Der prøvde dei å lakkere om bilen frå blå til svart med spraymåling dei hadde skaffa seg på førehand. Diverre for dei unge tjuvane hadde dei ikkje nok spraymåling.

Då dei skulle ta den blå-svarte bilen ut på tur, enda dei i grøfta ved Dalevatnet på Sagstad. Politiet trefte dei molefonkne tjuvane gåande langs vegen.

— Me spurde dei om dei ikkje var klar over at stolne bilar vert etterlyst med skilt. Då svara dei at dei hadde tenkt å la bilen stå nokre dagar. Så skulle dei få prøveskilt på han, seier politiførstebetjent Ove Hindenes ved Lindås og Meland lensmannskontor til Strilen.