ARNE HOFSETH

Berre pyser unnlet å seia frå når føraren vert uvøren. Aksjonen «Sei ifrå» oppmodar passasjerane om å seia frå når den unge bilføraren held for stor fart, eller forbikøyringane blir halsbrekkjande. Ungdommane får sjå ein video som viser kor gale det kan gå, og vert premiert med ei t-skjorte som kompensasjon for tidheftet.

Sju gebyr

Politiet samarbeider med Statens Vegvesen om tiltaket, og nytta høvet til å sjekka både dokument og teknisk tilstand på bilane, slett ikkje alle av siste modell.

— Vi utferda sju gebyr for manglande førarkort, og sju enda opp med mangellapp på bilen. Dei får kort frist til å setja doningen i forskriftsmessig stand, opplyser UP-leiar Leon Nordanger til Bergens Tidende.

UP hadde også kontroll på Trengereid. Der heldt dei eit auga på korleis det vart køyrt i rundkøyringa i påskerushet, og fokuserte elles på rus og bilbeltebruk.

Kampanjen «Sei ifrå» er ei vedkjenning av at mange treng støtte til å meistra gruppepresset, å kunne stå for ei åtferd som dei eigentleg ønskjer når ungdommar kjem saman. Aksjonen vart sett i gang i Sogn og Fjordane etter 21 unge trafikkdrepne i fylket i 1993. Effekten har ikkje uteblitt. Eit tilbakefall i 1996 skiplar ikkje ein gjennomgåande nedgang - til fem drepne i 2002 og seks i fjor. Også talet på skadde unge trafikantar har gått merkbart ned.

Gode resultat

Dei resultata har fått Eva Solvi til å utvida aksjonsområdet til heile region Vest. Solvi er leiar for veg- og trafikkstaben ved regionsvegkontoret på Leikanger. Prosjektleiar Kåre Ljones har også tidlegare teke med seg opplegget over fylkesgrensa og testa det på Voss. Men no er kampanjen «offisiell politikk» i heile regionen. «Sei ifrå»-kampanjen kan dukka opp langs vegane andre stader i Hordaland og ikkje minst i Rogaland, som framleis slit med stygge ulykkestal.