Måndag skreiv BT om Ron-Tore Hansen som har venta 2,5 år på at kjærasten frå Sri Lanka skal koma til Noreg slik at dei kan inngå partnerskap (faksimile).

— Dette er dessverre ikkje ei unik historie, seier Lars-Henrik Michelsen, leiar i Unge Venstre.

Venstre ønskjer å innføra eit såkalla kjærastevisum som skal gjera det mogleg for nordmenn og utlendingar som har budd i Noreg i meir enn tre år å få sin utanlandske kjæraste til Noreg på eit eittårig visum.

— Dette vil gi moglegheit til å prøva ut forholdet utan å måtte gifta seg med ein gong. Fleire unge enn før reiser mykje og studerer gjerne utanlands, og får òg gjerne ein utanlandsk kjæraste, seier Michelsen.

Han meiner òg at ein bør redusera talet på visumpliktige land, og synest tida det tek å handsama ei sak, er for lang.

Det er Audun Lysbakken (SV) samd i.

— Norske styresmakter motarbeider kjærleiksforhold når det tek så lang tid å handsama ein visumsøknad, seier han, og legg til at ei kjønnsnøytral ekteskapslov, som SV har gått inn for, hadde gjort at òg homofile kunne vera i lag medan søknaden vert handsama. I dag er det berre heterofile par som kan gifta seg på ambassadar og reisa til Noreg saman medan dei ventar på søknadssvar.