Talet på pensjonistar vil fordoblast om nokre tiår, talet på dei aller eldste vil fleirdoblast. Og med alderen stig bistandsbehova.

Eldreomsorg kjem til å bli landets fremste vekstbransje.

Ungdom vil bli mangelvare i den omsnudde verda. Især kan unge helse— og omsorgsarbeidarar bli vanskeleg å oppdriva. Dei 11 som går i VK-2 på Rokne vidaregåande skule på Voss bør bli ettertrakta arbeidskraft. Det seier litt om dagens status og arbeidsvilkår at det berre er ein gut i klassen. Men dei 11 kan få betre kort på handa når etterspurnaden aukar.

Importert arbeidskraft er inga fullgod løysing. Ikkje eksport av gamlingar heller. Eller robotar.

Gamle folk har det gjerne med å bli mindre endringskompetente med åra. Somme har det dessutan med å gå i barndommen, og å ty til barndommens dialektar. Blir ikkje vossamål og kalfarbergensk forstått, er det fare for at pleiebehova og dei mellommenneskelege behova heller ikkje blir forstått.

Di fleire utanlandske kollegaer dei får, di meir ettertrakta bør elevane i VK-2 på Rokne vidaregåande skule bli.

Enno er det berre små skvulp langs foten av alderspyramiden. Få barn vart fødde i dei harde trettiåra og under krigen, dei som no utgjer dei nest eldste generasjonane. Og berre eit fåtal av innvandrarane har slutta seg til eldrebølgja og teke til å gå i barndommen. Enno er det ei viss omrømmingstid til å fri til ungdommen. Det er dei som må bera pleie- og omsorgsbyrdene.