Distriktsvegsjef Nils Magne Slinde seier til Sogn Avis at dei har informasjon om at ungdommar blir skyssa til og frå sperringane på kvar side av det rasutsette området. Han åtvarar dei unge mot å ta beina fatt:

– Det er så farleg at vi verken har trafikk eller arbeid i området no. Det ramlar ned stein jamt og trutt, seier Slinde.

På dagtid er det sett opp båtruter mellom Leikanger og Sogndal, men om nettene går det ingen båtar. Leikangerungdomen må difor overnatte om dei skal nytte seg av tilboda på utelivsfronten i Sogndal.

Vegvesenet har kontakta politiet og bedt dei vurdere reaksjonar. Politiet var i området sist helg, men såg ingen som tok seg forbi sperringane.