ARNE HOFSETH

— Vi gler oss til å ta fatt. Vi har mange idear for vidareutvikling av attraksjonar i ferieparken, og har ein god del å henga fingrane i, fram til sesongopning til våren, seier brørne til Bergens Tidende.

Stadig fornying

Men dei vil jobba langsiktig. Ikkje alle investeringane kan gjennomførast på ein gong. I ein feriepark krevst det stadig nytenking. Endringar må til etter få år skal ein halda interessa blant publikum ved like.

Lars er ikkje framand for å dra til Orlando i USA, på ei messe for temaparkar, for å få nye impulsar. Der, i nærleiken av Walt Disney World, er han godt kjend. Frå denne basen har han dei siste to åra bygt opp eit forhandlarnett med rundt 200 butikkar for Hardangerbestikk. Siviløkonomen har i sju år vore salssjef hjå suksessbedrifta i heimbygda, med ansvar for sal i Sverige og Danmark, i tillegg til USA. Og som veldig ung mann jobba han ved den norske paviljongen i Epcot-senteret.

— Me synest det er kjekt at unge folk kjem heim og vil drive parken vidare, sa ordførar Solfrid Borge då Ullensvang heradsstyre vedtok å selja grunnen under ferieparken for 300.000 kroner.

I tillegg er alle bygningar og innretningar kjøpt for 1,4 millionar kroner.

Best i landet

Kjøpar er familieføretaket Hardangertun AS, der familien Instanes har drive campingplass sidan 1954. Denne sesongen, i det 50. driftsåret, vart campingplassen kåra til landets beste av Reiselivsbedriftenes Landsforening og Norsk Caravan Forbund.

— Vi skipa planteskule i 1952, men alt etter to år fann vi ut at vi trong fleire bein å stå på, seier familiefar Nils Instanes, også han med langt USA-opphald bak seg.

Dei to siste åra er det reiselivsutdanna Dag (27) som har vore dagleg leiar for campingplassen med tilhøyrande leirskule og ein horv med andre aktivitetar.

Ein tredje bror, siviløkonom Tor Instanes (31) hjå Rieber Eiendom i Bergen, eig 30 prosent av aksjane, til liks med dei to brørne, medan foreldra framleis eig ti prosent.

Aktivitetar

— I Hardangerparken er det lagt opp til at ungane skal aktivisera seg sjølve. Foreldra kan slappa av. Dette er noko vi vil føra vidare, seier Dag Instanes til Bergens Tidende.

Han tek no både broren og Ferieparken inn i drifta av Hardangertun AS, med campingplass og sideaktivitetar. Tunet har 200 sengeplassar i 27 femstjerners familiehytter (to storleikar), kurslokale, øvingslokale for kor og korps. I gjestestovene kan det dekkast opp til 300, men dei høver også godt for små samkomer.

Til leirskulen er det laga klatreløype i steile fjellveggen, og vaierar til å rutsja ned att. Til saman har Kinsarvik no fire utandørs symjebasseng. Her er badestrand, vannsklie, boblebad, badstover, trampoline, el-bilar, minigolf, mini-zoo, kræsjbåtar, kanoar, robåtar og motorbåtar til fiske og opplæring i sjøvet. Det kan drivast med orientering, fjellklatring, rappellering, bogeskyting, luftgeværskyting. Og jammen er det ikkje er gokartbane også.

Med rekordsommar for reiselivet i Hardanger dette året, ser dei fram til neste sesong med optimisme. Sjølv om dei er fullt klar over at Kinsarvik ikkje får noko gratis. Det er lenge sidan bilistane stod fem timar i kø ved ferjekaien.