Klokka 16 fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at fem ungdommar trengde hjelp for å kome seg ned frå fjellet. Skiløparane blei overraska av tåke ved Ljosureggja ved Harpefossen i Eid kommune i Nordfjord.

— Røde Kors er på veg for å hente fem personar. Dei er i god behald, men kom seg ikkje ned på grunn av været, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Røde Kors er på veg til staden med seks mann, ei trakkemaskin og ein snøskuter.

Like etter klokka 18 melder Røde Kors at alle er trygt nede frå fjellet og i god form.