Ordninga med ungdomskort blei innført 1. januar 2002, og gjev alle ungdommar rett til å reise så mykje dei vil med buss og båt innanfor fylkesgrensene for 260 kroner månaden.

No kan svindelen truge tilbodet, skriv Sogn Avis.

— Tre-fire personar går ofte i lag. Ein av dei kjøper kort for den gjeldande månaden. Så kopierer dei andre, fortel tillitsvald Ingvild Fosse.

Elevrådet vil no ha slutt på forfalskinga som skjer med fargekopimaskin eller skanner.