— Fordi det er vi som er framtida, argumenterer dei overfor politikarane.

— Og det har dei jo aldeles rett i. Såleis er det som er viktig for ungdomen, viktig for Granvin, seier ordførar Jan Ivar Rødland.

Folketalet i dei indre Hardanger-bygdene er i nedgang, men Synnøve Kvamme har ikkje tenkt å bidra til det.

— Her skal eg bu til eg døyr, slår ho fast. Viss på at ikkje ein gong kjærleiken skal få lokka henne frå bygda ho er så glad i.

— Då får eg heller klara meg utan.

Røyst som blir høyrt

Det er ein vakker julidag i Granvin, ein slik dag som kan få kven som helst til å villa slå seg ned her inne i dei lunaste vestlandske fjordarmar. Men Synnøves engasjement for Granvin er ikkje vêr- eller årstidsavhengig. Ho har ofte nok sett skodda sleikja hustaka øvst i liene til ikkje å kunna mistenkjast for den slags svermeri. I tillegg er ho leiar i Ungdomsrådet i Granvin.

— Gjennom Ungdomsrådet har vi ei røyst i lokalsamfunnet som vi opplever blir høyrt, seier Synnøve.

Volleyballbana like ved elvemunningen er eit resultat av Ungdomsrådet sine innspel og prioriteringar. Om rundt rekna to veker skal ho stå ferdig til bruk. Paintballklubb og trialklubb er mellom tiltaka Ungdomsrådet har gjeve tilskot og draghjelp til. Stupebrett på kaien er rett rundt hjørnet, og kunstgrasbane er det neste store løftet som dei unge gravensarane har blinka ut.

Eige budsjett

— Det er mellom innspela vi har fått på dei opne møta våre. Vi spør kva som skal til for å få folk til å bli verande i Granvin. Så prøver vi å få gjennomført dei tiltaka vi meiner er realistiske.

I Ungdomsrådet sit det seks ungdomar og ein vaksen kommunal representant, som fungerer som sekretær for rådet. Rådet får 50.000 kroner i kommunale løyvingar kvart år. Det er midlar som dei sjølve disponerer.

På dei opne møta på gjestgjevarstaden Jaunsen, er det servering av gratis pizza. Det er kan hende eit lettvint lokkemiddel, men det viktigaste er at ungdomen kjem, og at rådet fungerer som eit talerøyr for dei som skal forma framtida i Granvin.

— Ungdomsrådet vårt er veldig tydeleg på sine prioriteringar. Då er det ikkje så vanskeleg for oss som politikarar heller, seier ordførar Rødland.

STORT ENGASJEMENT: Synnøve Kvamme (t.v.) er leiar i Ungdomsrådet i Granvin, Gwyenn Esther Foshaugen (15) er varamedlem. Dei engasjerer seg i alle saker som vedkjem Granvin, og i mykje som har med Hardanger å gjera. Tidlegare i sommar tok dei initiativ til fakkelaksjon mot den planlagde kraftlina mellom Eidfjord og Samnanger. - Alle ungdomar her er imot, seier dei to jentene.
øivind christensen