– Tiltalen er veldig alvorleg, seier statsadvokat Ingrid Johansen. Ho vil aktorera i rettssaka som går av stabelen i Sunnhordland tingrett måndag.

Den seksuelle omgangen skal ha skjedd frå jenta var 13 år, og delvis etter at ho fylte 14. I dag er ho 16 år gammal. Mannen er fem år eldre.

– Dei to skal på eit tidspunkt ha hatt eit kjærasteliknande forhold, fortel statsadvokaten.

– Trist og alvorleg Kjærasteforholdet vert avvist av jenta sin bistandsadvokat, Leif Jakob Sydnes.

– Det er ikkje meg bekjent, seier han.

Sydnes fortel at jenta har det etter forholda fint i dag, men at dei par siste åra ikkje har vore uproblematiske.

– Det er godt at politiet tek slike saker seriøst og at dei endar i tiltale. Samfunnet kan ikkje tolerera seksuelle overgrep mot born, slår Leif Jakob Sydnes fast.

Tiltalte sin forsvarar, Frode Skogvold, vil ikkje å uttala seg om saka overfor bt.no.

– Den er av ein så trist og alvorleg karakter at eg ikkje ønskjer å gje kommentarar i forkant, seier han.