TRUDE HAUG

Før vi veit ordet av det er dei oransjekledde kunstnarane dunsta vekk. Dei har foke inn i verkstadhallen til zinktrykka sine. Har ikkje tid til journalistar og anna heft.

Vi har tatt oss fram til Tyssedal i Hardanger. Det er her inne det skjer. Kraftstasjonen er gått over i ei ny tid som vasskraft— og industristadmuseum. Og i verkstadhallen kryr dei ivrige tyssedalselevane. Trykksverte har dei både her og der, svarte snutar og flekker i panna. Dei avsluttar ei to dagars økt av eit kunstprosjekt i regi av Trond Knutli og Gjerstad Skolens Kunst Verksted i Bergen.

Speilvendt

Dei tjuefem femte-, sjette- og sjuandeklassingane er oppslukte av det dei held på med. Dei rullar ivrig sverte på zinkplatene sine. Deretter pussar dei platene blanke med papir og eit stoff dei for moro kallar «brudeslør».

Høgdepunktet kjem når platene førast inni trykkpressa saman med fuktig papir. Og vips, ut kan dei hente kunstverka sine. Signaturen har dei rissa inn i zinken, speilvendt. Camilla, står det. Marius, Svandis. Ayla. Morten.

— Ein gong var det ein elev som rissa inn alle namna til Manchester United. Det fortel litt om engasjementet til elevane, og kva dei gjer når dei vil, fortel Roger Gjerstad.

Alle kan!

— Elevane har vore veldig flinke. Og det har betydd mykje for dei at kunstnarane kom til skulen i november og snakka med dei på førehand, meiner lærar Mari Ek.

— Det viser seg at alle har eit fantastisk biletspråk. Det primære er ikkje å få fram kunstnarar. Alle elevar kan! Dei har masse kunnskapar, engasjement og interesser. Og når du snakkar med dei om dette, så er dei i gang. Da er det ingen som står fast og ikkje veit kva dei skal lage, seier Gjerstad.

Skissene har dei teikna i kunst og handverkstimane på skulen, rissa motivet inn på platene og så er dei sende til kunstverkstaden i Bergen for etsing.

Nesten som å trylle

— Korleis har det vore å vere med på dette?

— Eg gledde meg mykje til å jobbe med dette, fortel Tommy.

— Skal du bli kunstnar da?

— Nei, eg skal bli reporter, eller kanskje kokk, svarar Tommy.

Merete har alt fått trykt dei seks trykka som dei har som mål å få til.

— Det har vore veldig kjekt. Når ein pussar platene er det nesten som ein tryllar, seier ho.

Fleire av elevane har motiv frå utsmykkinga på kraftstasjonen. Andre har valt å byggje på eit måleri av Knut Bergslien av trolla Tysso og Tyssen. Segna fortel at for hundre år sida stod dei to trolla forundra og såg ut over Tyssedal, og klødde seg i hovudet: Kva er det som føregjeng i bygda eigentleg?

Det var Tyssedal som skifta ham, frå jordbruksbygd til industristad. Og det er denne identiteten ungane freistar å feste til papiret på dei grafiske blada sine.

Rift om kunsten

— Kor tid får vi bilda? Spør dei, og vi lurer på kven som skal få klenodia. Elevane blir ivrige og reknar opp: mamma, pappa, mormor, besto, besten, kanskje tante ... Berre nøye utvalde personar. Dei har berre fire trykk til rådvelde, for både museet og skulen vil ha eit til utstillingane sine.

Det er rift om kunsten. Men noko må vera i privat eige og.

— Neste år håpar vi at Odda kommune kan gi dette tilbodet til alle 6. klassingane i kommunen, seier Trond Knutli. Og trur at kommunen vil det.

Snart er ungane borte. Raskt og effektivt har dei raska saman brukt avispapir og rydda utstyr. Vaska seg og gått. Berre kunsten heng att. Til tørk.

Og Knutli og Gjerstad? Dei har ein mobil verkstad i dei to bilane sine. I morgon rullar dei vidare, til Ulvik skule og til Granvin. Og så er det helg.

TROLLMOTIV: Tyssen og Tysso ser ut over Tyssedalen og klør seg i hovudet. Dei skjønar ikkje noko når anleggsslusken tar seg opp gjennom dalen. Motiv etter måleri av Nils Bergslien.<br/>Alle foto: TOR HØVIK
PUSS, PUSS: Plata skal gjerast heilt rein. Det blir verre med hendene.
FULL RULLE: Svandis Thorrisdottir (t.v.) og Victoria Laugen (begge 6. klasse) rullar sverte ned i trykkplatene sine.<p/>
SPENNANDE: Marius Glomsdal (5. klasse) i full konsentrasjon om resultatet av trykkeprosessen.
ELEKTRISK: Eline Reinsnes har henta motivet på trykket sitt frå veggen i den gamle kraftstasjonen.