PER MARIFJÆREN EYSTEIN RØSSUM

I tillegg til verva som fylkesleiar og kasserar, har mannen også vore medlem i sentralstyret for Unge Venstre på landsplan.

Meld av organisasjonen

— Saka vart politimeld av organisasjonen, og mannen har vore inne til politiavhøyr der han har erkjent forholdet, opplyser politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet er no ferdig med si etterforsking, og har sendt saka over til tingretten som tilståingssak. Den tidlegare Unge Venstre-leiaren er sikta for grovt underslag, som har ei strafferamme på maksimalt seks års fengsel.

Underslaget vart oppdaga i sommar. Den sikta har tidlegare vore leiar for ungdomspartiet, men hadde vervet som kasserar da underslaget skal ha skjedd i 2003 og 2004.

Dette gav mannen fritt tilgjenge til partiets kontoar, som inneheldt relativt store summar etter gode Venstre-val i fjordfylket - og påfølgjande romslege statstilskot til ungdomsorganisasjonen.

Slik Bergens Tidende forstår det, skal 27-åringen ganske enkelt ha overført pengane frå partiets konto til sin eigen private bankkonto.

Da det stunda mot årsmøte i organisasjonen, kunne ikkje mannen gjere greie for økonomien - og i august i år kom underslaget for ein dag.

- Vil gjere opp for meg

— Dette er ei svært beklageleg sak, og eg ønskjer å gjere opp for meg gjennom rettssystemet. Elles blir det ei sak mellom meg og Unge Venstre, seier den sikta 27-åringen, som ikkje vil kommentere saka ytterlegare.

I dag er det Rune Iversen som har overtatt leiarvervet i Sogn og Fjordane Unge Venstre, og han har hatt oppgåva med å politimelde underslaget på vegner av organisasjonen.

— Straks det vart stilt spørsmål om dette, la han korta på bordet. Han har sagt at han vil gjere opp for seg, og at han ønskjer dette ugjort, seier Iversen.

Han trur ikkje saka vil skade organisasjonen politisk.

— Dette er ein enkeltperson som har gjort eit feilgrep. Vi kunne ikkje ha oppdaga det tidlegare enn vi gjorde. Han har opptredd realt overfor oss i etterkant, og forstår at vi var nøydde til å politimelde saka, seier Iversen, som til dagleg studerer til revisor ved høgskulen i Molde. Unge Venstre i Sogn og Fjordane har no fått eigen kasserar, opplyser han.

Liten organisasjon

— Kan Unge Venstre få tilbake pengane som er underslått?

— Det reknar vi med, men vi veit jo ikkje når. Han har i alle fall sagt at han vil gjere opp for seg, seier Iversen.

Han trur ikkje underslaget vil slå beina under drifta av fylkeslaget, sjølv om summen er relativt stor. - Vi får kanskje ikkje så god råd til å skolere dei tillitsvalde i tida framover, seier han. - Men vi har alltid drive nøkternt, og er ein liten organisasjon der mykje vert gjort på dugnad.

Unge Venstre i Sogn og Fjordane har berre eit par titals betalande medlemmer.