Minst 37 mobiltelefonar og anna utstyr til ein verdi av minst 150.000 kroner stakk han unna og selde privat for vel 140.000 kroner. Underslaget skjedde i hovudsak i første halvpart av 2002.

Mannen er i Sunnhordland tingrett dømt til 90 timar samfunnsteneste og til å betala den underslegne summen i erstatning til buet etter den no konkursslegne forretninga i Sunnhordland.