No er han dømt i Sunnhordland tingrett. I ti månader i 2003 stal han frå kassen i Haugesund-forretninga eller let vera å slå inn full salssum for varene han selde. Sjølv ikkje etter at arbeidsgjevaren konfronterte han med mistanke opphøyrte underslaget.

Til sist kom summen opp i 150.000 kroner, som blant anna gjekk med til kjøp av rundt 200 ecstasytablettar og 200 brukardosar amfetamin.

Dommen lyder på seks månaders fengsel, men berre ein av dei skal sonast.