Ifølgje Fjordenes Tidende var det i sommar at medlemmer i LO-foreininga fatta mistanke om at ikkje alt var som det skulle med økonomien i den lokale LO-foreininga. Då styret sjekka saka kom underslaget for ein dag, og dei beslutta å gå til politiet med saka.

Politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at ein person sentralt i foreininga i Vågsøy har erkjent å ha underslege 185.000 kroner, og kan vente seg ei sikting for forholdet.

Broberg vil ikkje gå i detalj om korleis pengane er underslege, men seier til avisa at underslaget har pågått over eit års tid.

Leiar i LO i Måløy og Omegn, Johnny Gotteberg, seier til Fjordenes Tidende at dette er ei svært kjedeleg sak.

– Ekstra ille er det sidan systemet er ba-sert på tillit og frivillig arbeid. Då er det viktig at ein har kontrollrutinar som kan fange opp når slikt skjer, seier Gotteberg.