Underslaget vart avdekt måndag, og mannen tilstod forholdet etter kort tid i politiavhøyr.

— Underslaget har skjedd frå korpsets bankkonto, og har skjedd i løpet av våren, opplyser politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Overfor NRK Fylkesnytt seier leiar Ole Midtgård i Vågsøy Røde Kors at det som er skjedd er leitt, ikkje minst fordi store deler av dei 170.000 kronene er innsamla pengar.

Mannen har vedgått straffskuld, og politiet ser saka som ferdig etterforska og oppklart.

Politiet vil vurdere å la saka mot mannen gå som ei tilståingssak i forhøyrsretten, opplyser Broberg.