Årets fangstrapportar er i strid med havforskarane sine åtvaringar om at hummarbestanden er truga. «Eg har aldri fått så mykje hummar som i år», seier ein hobbyhummarfiskar frå Sogn.

— Det er eit blaff som følgje av utruleg godt sommar- og haustklima dei siste fem åra. Men eit einsleg årskull er ikkje nok i ein bestand som skal vara i 70 år, seier forskar Gro van der Meeren ved Havforskningsinstituttet. Ho har provosert hummarfiskarar med eit framlegg om totalfreding i 30 år for å få opp att bestanden på gammalt nivå.

Alle undermåls

Før helga var Bergens Tidende med hobbyfiskar Asbjørn Thorkelsen og trekte teiner ved Sunde i Kvinnherad. Heile fangsten på fire hummarar var under minstemålet på 25 cm og måtte sleppast uti att.

— Dei siste åra har 30 - 40 prosent av fangsten vore undermåls, i år kanskje endå meir, seier Thorkelsen, som berre fiskar til eige forbruk.

Ein hobbyfiskar i Sogn har same inntrykket. Hans fangstrekord var i 1999 med 70 hummarar brutto. I år passerte han hundre eksemplar i løpet av oktober, den første lovlege hummarfiskemånaden.

Hummarfiskar Yngvar Askeli i Østfold fortel til avisa Fiskaren at han nyleg fekk dobbelt så mange hummarar under minstemålet som over.

Kontrollørar frå Fiskeridirektoratet fann i slutten av oktober heile 55 undermåls hummarar i ein samlekasse i Kvinnherad med i alt 108 hummarar. Vedkomande fiskar er politimeldt for forholdet.

Lågare pris

Også sjømatselskapet Konrad Sekkingstad AS på Sotra melder om god tilgong på hummar i år.

Tilgongen er så god at fiskarane ikkje må rekna med å få betalt meir enn minsteprisen på 185 kroner kiloet. For tre år sidan låg prisen til fiskar 30 - 40 kroner over minsteprisen, fortel dagleg leiar Odd Kåre Sekkingstad i Fjell-firmaet som årleg sel tonnevis av hummar til kundar i Noreg og utlandet.

— Det blir og meldt om mykje rognhummar i år, det lovar også godt. I staden for totalfreding kunne ein freda rognhummaren eit år eller to. Og så burde det vera likt minstemål og lik fredingstid i heile landet, meiner Odd Kåre Sekkingstad.

I Sør-Noreg er hummaren freda frå 1.januar til 1.oktober. I Skagerrak er minstemålet 24 cm fordi hummaren der gyt tidlegare enn på Sør- og Vestlandet.

Freding på høyring

Gro van der Meeren seier at ho uoffisielt har tilrådd 30 års totalfreding for å visa kor lang tid det tek å auka ein hummarbestand. Ho minner om at den norske årsfangsten som lenge var 500 - 800 tonn, no er nede på 30 tonn.

— Neste år har fiskeriministeren varsla at ulike fredingsalternativ skal ut på høyring. Det kan bli tale om å freda berre rognhummaren, som svenskane har gjort, å freda bestemte sjøområde, å regulera ålerusefisket og å auka minstemålet, seier Gro van der Meeren.

Forskaren frå Austevoll karakteriserer dagens hummarfiske som fullstendig uoversiktleg. Stadig fleire folk på sjøen og auka tilgong på teiner har ført til ei meir intens tevling om å finna hummaren.

UNDERMÅLS: 22 cm, det er tre cm for kort til å hamna i gryta, konstaterer hummarfiskar Asbjørn Thorkelsen.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR
GOD ETTERVEKST: Store mengder småhummar langs Sør- og Vestlandskysten er eit resultat av fleire varme somrar. Her eit undermåls eksemplar på ei tradisjonell Røstbø-teine frå Kvinnherad.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR