No går Førde-jenta laus på større ting enn å designe stolar med dameundertøy plassert over fiberarmert termoplast i ein hybrid-stol.

Designturen er komen til oljeplattformene, for Grethe frå Førde. Ho skal designe etterbruken av gigantane i Nordsjøen, forme plattformdelane som eigarane ikkje sjølve kan resirkulere, finne annleis og miljøvennlege måtar for etterbruk av «kasserte» oljeplattform-delar, forklarar ho Bergens Tidende.

Tilfeldigheitene vil at det er design-gener og -talent også i ei anna Førde-jente av omtrent same årsmodell, Anna Øren (28). Ho er i nesten rekordtempo på veg mot den norske designhimmelen, som medeigar i Hareide Designmill i Moss, internasjonalt kjent som designar for bilmerka Saab og Mercedes, blant anna.

Førde viktig for oss

Oppveksten i Førde har vore viktig for designjobben vår, seier dei to suksessdesignarane frå sunnfjordbyen til Bergens Tidende.

Dei har ikkje fått suksessen gratis. Fighterevne og stå-på-vilje er, ifølgje vener av jentene, fellesnemnar for dei to unge Førde-tausene.

— Vi har fått vestlandskulturen i blodet, og formidlar dette når vi skaper. Det er litt av resepten vår seier Anna Øren og Grethe Løland.

Fem norske prisar

Anna fekk, som seniormedarbeidar og medeigar i Hareide Designmill, fem designpriser i fjor. Ingen andre norske designfirma fekk så mange utmerkingar i 2002 frå Norsk Designråd, for utmerkt designjobbing.

For Anna Øren starta det heile med barneteikningar på skulen i Førde.

— Får du ikkje lyst til å reise heim til Førde og designe om betong- og asfaltjungelen i byen ved elva Jølstra?

— Det hadde vore ei stor og veldig gledeleg oppgåve. Å designe om Førde til å bli ein vakker og glad by hadde vore ei oppgåve for resten av livet mitt, seier suksessdesignaren frå Førde, i Hareide Designmill.

Dei to Førde-jentene synest det er nesten ubegripeleg at Førde har klart kunststykket med ikkje å utnytte idyllen langs elva Jølstra betre, under den store utbygginga gjennom dei siste tiåra.

90 år gamle tanter tipsa

— Alle bygga i byen vender jo bort frå elva. Då forsvinn all sjarm frå den vakre Jølstra som renn gjennom Førde, seier designarane som begge trur det blir veldig lenge før dei vender tilbake til opphavet sitt i Sunnfjord.

— Det er i Oslo det skjer på denne fronten. Alle andre stader er uaktuelle når ein jobbar med design, ein må følge utviklinga på pulsen i dette faget, og suge inn nye trendar. Då må ein vera der miljøet er, seier designpris-grossisten Anna Øren til BT.

Anna Øren takkar, ifølgje avisa Firda, to 90 år gamle tanter i Høyanger for den raske karriere-stigningen sin: - Tantene tipsa meg om å søke jobb hjå designguru Einar Hareide, før stillingen i Hareide Designmill var utlyst.

Og så var det altså gjort. Resten er eit designeventyr for Førde-jenta Anna Øren.

Mannfolk: Er dette stolen, med ein godt brukt underkjole over fiberarmert termoplast, som einsame mannfolk må trøysta seg med i distrikta, når jentene i hopetal flagger ut til byane? <p/>FOTO: WERNER ANDERSEN