• Det kalde vêret gjer at vi beveger oss mindre ute. Då blir vi utsett for færre farer, seier traumekoordinator i Helse Bergen.

På denne tida i fjor tok Helse Bergen imot opp til 45 traumepasientar på ein månad. I januar i år var talet nede i 13 pasientar.

— Set ned farten

Ifølgje traumekoordinator ved Haukeland Universitetssykehus, Kurt Børslid Andersen, er det ei kjent sak at jo saktare folk beveger seg, jo færre personar blir alvorleg skada.

— I vinter har folk sett ned farten. Dermed blir vi tryggare, til dømes i trafikken. Det kalde vêret gjer dessutan at vi beveger oss mindre ute, og blir utsett for færre farer, seier Andersen.

Flest skadde i trafikken

Heile 65 prosent av traumepasientane i Bergen i fjor vart skada i trafikken. Etter trafikk var fallskader den vanlegaste årsaka.

Andersen trur ei anna årsak til dei positive tala kan vere at mange er permitterte frå jobb på grunn av veret.

— Vanlegvis kjem fleire inn med fallskader frå den typen arbeid som ein ikkje kan gjere no på grunn av all snøen, forklarer han.

Gir fleire hender

Når traumealarmen går, må eit stort mannskap med sjukepleiarar, anestesilege, kirurg, radiolog og bioingeniør gjere seg klare.

Det betyr at det låge talet på traumepasientar i vinter har frigjort ressursar til andre pasientar.

— Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Andersen.

Men: fleire beinbrot

Ambulansepersonalet i Bergen sentrum har ikkje merka den store nedgangen i talet på traumepasientar. Grunnen er truleg at dei i sentrum ikkje har så mange trafikkulykker på oddragslista.

— Det har vi har merka er ein markant auke i talet på breinbot, seier ambulansesjåfør Jens Gløersen.

Korleis har det kalde vintervêret påvirka oss? Del dine erfaringar i kommetarfeltet under.