• FLEIRE BEINBROT: Hos ambulansesentralen i Bergen har dei ikkje merka nedgangen i talet på traumepasientar. Det dei har fått merke er ein markant auke i talet på beinbrot i vinter. FOTO: Alice Bratshaug.

Under halvparten så mange til traumemottak i år

- Det kalde vêret gjer at vi beveger oss mindre ute. Då blir vi utsett for færre farer, seier traumekoordinator i Helse Bergen.

Les også:

På denne tida i fjor tok Helse Bergen imot opp til 45 traumepasientar på ein månad. I januar i år var talet nede i 13 pasientar.

- Set ned farten
Ifølgje traumekoordinator ved Haukeland Universitetssykehus, Kurt Børslid Andersen, er det ei kjent sak at jo saktare folk beveger seg, jo færre personar blir alvorleg skada.

- I vinter har folk sett ned farten. Dermed blir vi tryggare, til dømes i trafikken. Det kalde vêret gjer dessutan at vi beveger oss mindre ute, og blir utsett for færre farer, seier Andersen.

Flest skadde i trafikken
Heile 65 prosent av traumepasientane i Bergen i fjor vart skada i trafikken. Etter trafikk var fallskader den vanlegaste årsaka.

Andersen trur ei anna årsak til dei positive tala kan vere at mange er permitterte frå jobb på grunn av veret.

- Vanlegvis kjem fleire inn med fallskader frå den typen arbeid som ein ikkje kan gjere no på grunn av all snøen, forklarer han.

Gir fleire hender
Når traumealarmen går, må eit stort mannskap med sjukepleiarar, anestesilege, kirurg, radiolog og bioingeniør gjere seg klare.

Det betyr at det låge talet på traumepasientar i vinter har frigjort ressursar til andre pasientar.

- Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Andersen.

Men: fleire beinbrot
Ambulansepersonalet i Bergen sentrum har ikkje merka den store nedgangen i talet på traumepasientar. Grunnen er truleg at dei i sentrum ikkje har så mange trafikkulykker på oddragslista.

- Det har vi har merka er ein markant auke i talet på breinbot, seier ambulansesjåfør Jens Gløersen.

Korleis har det kalde vintervêret påvirka oss? Del dine erfaringar i kommetarfeltet under.

Les også

Siste fra Lokalt

Hund døde i trehusbrann

To katter ble reddet ut i live.

Overfalt og ranet på Høyden

To personer pågrepet.

Cim (15) fra Bergen
brukte fem minutter
på å knekke Apple

Nå vekker 15-åringen internasjonal oppsikt.

- Gamle, men bedre tog

Inviterer ordføreren på togtur for å overbevise.

Voldsanmeldt elev: - Var et uhell

Videregående-eleven er anmeldt for vold mot læreren, men nekter for å ha skallet til ham. Nå er eleven tilbudt skolebytte.

  • Eit traumemottak er det som blir arrangert når ein pasient er så skada at det er umiddelbar fare for livet til vedkommande.
  • I Bergen vart 407 pasientar behandla som traumepasientar i 2009. I heile regionen var talet på 1150 traumepasientar.
  • I januar 2009 vart 39 pasientar teke imot på traumemottak i Bergen. I år var talet på 13 pasientar.
  • 65 prosent av tilfella i 2009 hadde trafikkskade som årsak. 16% var ruserelaterte. ¼ vart registrerte under samleomgrepet «fall».
  • Om lag to tredelar av traumepasientane i 2009 var menn.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger