Dermed kan Fresvik sjå langt etter veg over til Nærøyfjorden, med tilknytning til E16 i Gudvangen, og sørsidevegen langs Sognefjorden utover mot Ortnevik og E39 nådde ikkje opp denne gongen heller.

Men for grendene langs sørsida av Sognefjorden gir gårsdagens vedtak likevel ei strime av håp. Ordførarane på begge sider av Vikafjellet opnar for eit tverrslag mot Framfjord. Både Erling Stadheim i Vik og Bjørn Christensen på Voss har lang tunnel med tverrslag som sjølve favoritt-alternativet.

— Men vi held ope tre alternative tunnelløysingar, presiserer Erling Stadheim overfor Bergens Tidende.

Han gjer det likevel klart at hans favorittløysing er ein 15 kilometer lang tunnel mellom Holo, øvst i Myrkdalen på Vossestrand, til Bødalen i Vik, med andre ord under heile problemstrekninga på Vikafjellet. 4-5 kilometer sør for Bødalen ynskjer ordførarane eit to kilometer tverrslag vestover, slik at Framfjord kan knytast til, og rasfarleg veg langs fjorden til Vik kan eliminerast. Dermed er det også laga eit utgangspunkt for veg vidare vestover langs sørsida av Sognefjorden.

Tverrslaget har dessutan tekniske føremonar for sprenginga, ventilasjon og branntrygging av den lange tunnelen.

Eit anna aktuelt alternativ er lang tunnel frå Holo til Ovrisdalen i Vik. Også denne tunnelen går under heile fjellstrekninga. Det tredje alternativet har ein kortare tunnel, frå Holo til Hestavollen midt oppe på fjellet. Det eliminerer ikkje høgfjellsproblematikken, men fjernar dei verste problemstrekningane, og gir langt tryggare vinterveg enn i dag.