Mannskapet på ferja gjorde grove feil då ei kvinne blei nakkeskadd i hengedekkulykke, konkluderer rapport. Uhellet skjedde 10. august om bord på ferja MF «Rosendal» i fjor.

Saman med sambuaren og to born køyrde Cathrine Gravdal sist opp på hengedekket. Etter få sekund raste bilen rett ned, før dekket bråstoppa nokre få centimeter over bildekket.

Gravdal hadde løyst selen og blei kasta opp i taket. Dagen etter kunne fastlegen hennar konstatera vriding i nakken.

Hadde ikkje fri sikt

I ein fersk rapport konkluderer Sjøfartsdirektoratet med at operatørsvikt var årsaka til ulykka. Direktoratet ser alvorleg på ulukka, og viser til at eit stort skadepotensial.

— Viss nokon hadde stått under dekket då det datt ned, kunne dei fått det i hovudet. Skadepotensialet er svært alvorleg, både for person og materiell, seier avdelingsdirektør Bjørn Egil Pedersen.

Operatøren av hengdekket hadde ikkje fri sikt til rampen fordi ein campingbil stod mellom han og hengedekket. Ein hjelpemann stod ved ferjelemmen og signaliserte til operatøren ved hjelp av teikn og roping.

— Samspelet mellom dei to personane var for dårleg. Personane hadde ikkje verbal kontakt, og misforstod kvarandre. Resultatet er at låsepinnen ikkje gjekk ordentleg i lås, vaieren fekk for stor slakk, og dekket fall så langt som vaieren tillot, seier Pedersen.

- Har skjerpa rutinane

Administrerande direktør i Tide Sjø AS, Geir E. Aga, fortel at selskapet allereie har skjerpa rutinane.

— Det er ikkje slik at vi ventar til rapporten kjem. Desse tinga blei fanga opp av våre interne undersøkingar, som samsvarer med direktoratet sin rapport, seier Aga.

Han fortel at selskapet har medverka til og støtter konklusjonen i rapporten.

— Alle operasjonar som har risiko i seg skal ha ei risikovurdering. Her har den vore manglande, og den kritikken er vi samde i, seier Aga.

Selskapet har hatt møter med mannskapet som var om bord og justert på rutinane. Den konkrete operasjonen har fått ei ny risikovurdering.

Bilen blei smadra

— I tillegg har vi vore opptekne av opplæringa til mannskapet, og vi har fanga opp det vi meiner er årsaka til ulykka. Vi har ansvaret, vi må gripe fatt i ting og sette i verk tiltak - og det gjer vi.

Rampen på hengedekket falt ukontrollert i ein til to meter. Bilen til Gravdal blei smadra, og reparasjonen kom på heile 75.000 kroner.

I rapporten tilrår Sjøfartsdirektoratet ei rekkje tiltak for å unngå liknande uhell i framtida.

— Det er ikkje gode nok rutinar for å sikre at hengedekket er skikkeleg på plass før ein tar bilar om bord. Reiarlaget må sjå på moglegheitene for å leggje inn ytterlegare sikringar. Det må aldri vere tvil om dekket er låst, seier Pedersen.

Starta politietterforsking

Han seier at direktoratet vil sjå til at Tide følgjer opp tiltaka som er tilråda.

— Vil hendinga få konsekvensar for Tide?

— Om dette medfører gebyr er for tidleg å seie, det er oppe til vurdering hos vår juridiske avdeling, som er i dialog med politiet.

Ifølgje Pedersen er det få ferjer som har denne mekanismen i dag.

Politiet starta etterforsking av ulykka, men ifølgje politiadvokat Kjetil Kvalvik i Hordaland politidistrikt ventar dei framleis på ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet som går grundig inn på eventuelle ansvarsforhold.

Han vil på førebels ikkje seie noko meir om eventuelle konsekvensar for reiarlag eller operatør.

Sjøfartsdirektoratet
Sjøfartsdirektoratet