Nils Lekve frå Ulvik konkurrerer med Lofotlam AS og Friskgården Romerike AS i årets kamp om kven som har etablert den mest vellykka bedrifta med basis i bygdene og landbruket.

Nils Lekve har på kort tid og med gode resultat bygd opp ei bedrift for produksjon av saft og sider av eple, og nådd ut til ein større marknad med denne. Han har vist veg for noko som kan verte ei eksklusiv «eksportvare» frå Hardanger; kanskje Noregs «vindistrikt» om nokre år?

Eplesafta vert seld i omlag 30 butikkar, medan sideren vert seld gjennom Vinmonopolet og til verksemder med skjenkeløyve. I år er det venta ein produksjon på 40.000 liter saft og 15.000 liter sider. Kapasiteten er no for liten og Lekve har planar om utviding av både produksjon og marknadsområde, samt utvikling av nye produkt.

KANDIDATEN: Nils Lekve passar sidertankane som ein smed. I slutten av november kan han bli tildelt den nasjonale Bygdeutviklingsprisen. FOTO: RUNE SÆVIG
Sævig, Rune