— Det går så det kostar etter! seier ordførar Olav Seim (Sp) oppglødd til Bergens Tidende. Dei to kommunane ligg lengst framme i heile landet når det gjeld samarbeid.

Som fremste folkevald i Granvin er Seim full av lovord om den spennande prosessen i indre Hardanger der innbyggjarane får maksimalt ut av skattekronene.

Også tidlegare ordførar i Ulvik, Terje Breivik (V), meiner at denne måten å samarbeida på er beste medisin mot kommunesamanslåing. Røynslene er til no stort sett gode, slik han ser det.

— Så lenge ein tek vare på det politiske sjølvstendet, med t.d. to ordførarar, har eg ingenting imot eit tett administrativt samarbeid, seier Breivik til BT. Han er no vanleg medlem av formannskapet.

Endå betre tenester

— For første gong sidan 1988 har vi her i Granvin vore i stand til å auka det kommunale tenestetilbodet innan pleie og omsorg, til kultur og ungdomstiltak, og til å rusta opp kommunale vegar. Vi har med andre ord spara inn over 1,7 mill. kroner på grunn av samarbeidet med Ulvik, fortel Seim.

Han nemner at ordførarkollega Jon Olav Heggseth og det politiske leiarskapet i grannekommunen har vist ei svært positiv haldning til eksperimentet som til dagleg vert leia og drive framover av rådmann Steinar Søgaard.

Prøveprosjekt

Lenge før kommunane emna på eit storstilt samarbeid hadde dei Lars Sponheim som felles jordbrukssjef. Men då Søgaard vart tilsett som rådmann i Granvin, og ulvikingane óg hadde lyst på å bruka han, gjekk dei inn for å samarbeida på alle tenkjelege område.

Til no har dei to kommunane, som berre har om lag 2300 innbyggjarar til saman, felles helse- og sosialsjef, felles pleie og omsorgsleiar, felles flyktningkonsulent, felles skatteinnkrevjing, felles kultursjef, felles næringssjef og felles brannsjef. Brannsjefen har dei og saman med Eidfjord, og frå hausten vert han dessutan på deling med Ullensvang.

Dei to samarbeidskommunane har fått støtte både frå Fylkesmannen og Kommunaldepartementet til dette prøveprosjektet. Oppunder 700.000 kroner er summen.

Kø av søkjarar

Seim fortel at kommunestyra i dei to kommunane hadde eit fellesmøte for nokre få veker sidan der ein gjekk gjennom røynslene av samarbeidet førebels. Både Seim, Heggseth og Søgaard hadde grunn til å vera nøgde med tilbakemeldinga derifrå. Nytt fellesmøte er planlagt i mai.

— På det administrative planet har vi no dei fleste oppgåvene saman, og det viser seg at interessa for å søkja ledige leiarstillingar har auka monaleg. Det viste seg sist då vi skulle tilsetja pleie og omsorgsleiar. Svært mange og godt kvalifiserte kandidatar melde seg.

— Det må då vera enkelte som er skeptiske og som stretar imot?

— Dei er iallfall ikkje mange. Men det seier seg sjølv at ei og anna røyst tykkjer at det har gått veldig fort.

Samanslåing? Nei!

— Kvifor har det gått tilsynelatande så raskt og smertefritt?

— Svaret er at vi har frå byrjinga hatt ein felles toppsjef. Hadde vi halde fram med to rådmenn, ville det heilt sikkert ha vore meir problematisk.

— Neste steget er vel regulær kommunesamanslåing?

— Nei, slett ikkje. Det snakkar vi ikkje om i det heile. Det er fullt mogleg å halda fram som sjølvstendige kommunar om vi har mykje av administrasjonen i lag.

Nå får vi berre kryssa fingrane og vona at ikkje Erna Solberg tek frå oss rasjonaliseringsvinsten! seier Olav Seim.

Terje Breivik trur at den beste løysinga på lengre sikt vil vera å skipa eit interkommunalt selskap som sel dei fleste tenestene til dei to kommunane. Dermed kan ein finna eit godt alternativ til privatisering, og samstundes vil dei tilsette i kommunane få berre ein arbeidsgjevar, slik dei før var vane med.

STYRER PRØVEPROSJEKT: Rådmann Steinar Søgaard leier eit toårs prøveprosjekt mellom Ulvik og Granvin som skal evaluerast til sommaren. <p/>ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG