Dette skriv biblioteksjefen i Ulvik i sin statusrapport om saka, skriv avisa Hordaland.

I fjor vart det også gjennomført eit eige «Dokumentasjonsprosjekt Hauge». Ein del av arbeidet skulle vera å utvikla internettsider om diktaren, gjera arkivmateriale av og om han elektronisk tilgjengeleg, dessutan omfatta arbeidet vidare registrering og tilordning av arkivmateriale, skriv Hordaland.

For å sikra arkivmaterialet mot slitasje og tjuveri, ynskjer dei som arbeidde med prosjektet å få skanna mest mogeleg, og deretter leggja det ut på internettsidene.