Han kom heilt til A-finalen i senior og tok ein femteplass der. I denne Norgescupen var det innlagt NM U23 (M19/20 (el jun) + U23) og eigen U23 cup.

I NM U23 tok Torjus sølv rett bak stortalentet Timo Andre Bakken (han har sølv frå junVM i år). Sjølve U23 cupen vann Torjus.

Torjus har frå før ein 12.plass i Norgescupen for senior i Trondheim som sitt beste resultat.

Det gror godt i langrennsmiljøet i Hordaland og med Sjur Røthe frå Voss i toppskiktet på dei lange distansane viser satsinga til kretslaget gode resultat.

Førsteårssenior Torjus Børsheim , Ulvik IL , gjekk sitt beste langenn av året i Klassisk sprint.