For to år sidan stemte kvar tredje veljar Venstre i denne bygda inst i ein fjordarm i Hardanger.

Men kommuneval og stortingsval er ikkje same sak. I går svikta sambygdingane venstreleiar Lars Sponheim.

— Det var eit overraskande dårleg val. Vi hadde gode målingar, men mange veljarar forsvann dei siste dagane, seier Håkon Gjerde, gruppeleier for Venstre i kommunestyret.

Blant traktorar og slått på landbruksskulen kunne han berre konstatera at vegen framover vert vanskeleg. Venstre skal gjenreisast, men det vert ein tung jobb.

Sponheim får likevel ikkje skulda for dei dårlege tidene. Få bygdefolk ville uttala seg til TV-kamera i dag. Nokre fortalde likevel kva dei syns om gårsdagens val og Lars Sponheim sitt ublide møte med valresultatet.