Fotografen, Jens Tore Eggum, tok dette biletet frå stovevindauget sitt klokka på Eggum i Leikanger kommune klokka 07.10 fredag. Då herja det som etter alle solemerke er ein ulv rundt blant sauene på bøen utanfor, omlag femti meter unna. Eggum hadde like før sett dyret jage og angripe sauene som beita der.

Og alt fredag kveld var ulve-jakta i gang i Leikanger i Sogn.

Så sikre som det går an

Fire lam måtte bøte med livet, tre andre sauer overlevde etter behandling av veterinær. Biletet vart fredag vurdert av ekspertar, og rovviltkonsulent Hermund Mjelstad hjå Fylkes-mannen i Sogn og Fjordane sei-er det slik:

— Alt tyder på at dette er ein ulv. Vi er så sikre som det går an å vere utan å skyte dyret, seier Mjelstad til Bergens Tidende.

Ifølgje Mjelstad er det første gong ulv er sett så langt vest i Norge sidan ein ulv vart felt i Naustdal kommune på 1950-talet. Han trur det dreier seg om same streifdyret som vart obser-vert i Luster kommune for nokre veker sidan. Eit slikt dyr skal også vere observert av andre i området, blant anna av nokre linjemontørar i fjellet.

— Dette er truleg ein toåring som er utstøytt frå flokken. I så fall streifar han rundt på leiting etter eit hodyr, seier Mjelstad.

Jakta er i gang

Fredag kom søknaden om fellingsløyve, og vart raskt innvilga. Dermed var det duka for ulvejakt i Leikanger.

— Rovdyrpolitikken vår tilseier at det ikkje skal vere ulv i saueområdene på Vestlandet. Difor var det lett å innvilge fellingsløyvet, seier Mjelstad.

Bonden som eig dei angripne sauene, Knut Eggum, fortel at han sjølv ikkje kjem til å delta i noko ulvjakt.

— Eg er ingen jaktmann, og har ikkje eingong gevær, seier han til Bergens Tidende.

Garden hans ligg omlag fire kilometer opp frå riksveg 55 langs Sognefjorden, saman med tre andre bruk. Ulven jaga ifølgje Eggum sauene att og fram på innmarka midt mellom husa fredag morgon.

Same kveld samlast saueeigarar og jegrar i distriktet for å legge opp strategien for den kommande ulvejakta, og delte jaktlaga seg opp i grupper.

Desse posterte seg same kveld i området så lenge det var skytelys, ventande på at ulven skulle dukke opp.

Jakta vil halde fram ut over i helga.

ULV, ULV: Eit eksemplar av det omstridte rovdyret jagar eit lam like ved gardshusa i Leikanger.