Jon Fimreite var berre 25 meter frå rovdyret, som forsvann oppover Fimreiteåsen. Ifølgje Sogn Avis såg ei kvinne også ulven langs riksvegen på andre sida av fjorden litt tidlegare på dagen.

Den gikk nedover mot Sogndalsfjorden, som er på det smalste mellom Nornes/Lomelde og Fimreite.

For vel ei veke sidan vart ulv observert på fjellet Kjerringi i nabokommunen Leikanger der det er gitt fellingsløyve.