Politiet meiner det var han som køyrde den leigde VW Golfen som køyrde utfor etter ei rekke uforsvarlege forbikøyringar tirsdag ettermiddag. Redningsmannskapa fann berre kameraten hans i passasjersetet. Han vart sendt til sjukehus med luftambulanse.

Ein større leiteaksjon vart iverksett etter den sakna, blant anna vart ei hundepatrulje settt i i leitinga i går kveld. Politiet frykta at mannen kunne ligge hardt skadd i terrenget.

Det var tips frå publikum som gjorde at politiet kunne pågripe mannen onsdag. Han vart observert gåande langs E39 i Vadheim, omlag to mil aust for ulukkespunktet.

Pågripinga skjedde utan noko form for dramatikk, og mannen er brakt til Høyanger lensmannskontor for avhøyr. Politiet har mistanke om promille i samband med ulukka.