— No er eg rimeleg lei av å ta sprøyter og gå med gips og bandasje, seier Emma Miranda til avisa Kvinnheringen, som først fortalte historien om ulukkesfuglen frå Husnes.

Emma Miranda Heggøy (10) smiler tappert etter eit smertefullt år fram og tilbake til legevakt og sjukehus, og håpar å vera tilbake i idrettslege aktivitetar om ikkje så lenge.

Trampoline-fall

Den eitt år lange uhellsperioden starta i fjor sommar med eit trampoline-fall, med knekt høgrearm som resultat. Ho hoppa på trampoline saman med tre venner og landa oppå eller under ein av dei andre.

— Det var ganske vondt. Armen var bøygd, og eg måtte støtta han opp med den andre, seier ho. Far i huset ringte til ambulanse, som køyrte Emma via legevakta til sjukehuset på Stord. Der blei det klart at to bein i armen var knekt, og jenta måtte i narkose for å få strekt armen på rett plass.

Etter å ha gått med gips heile sommaren i fjor, hamna Emma i nok eit trampolineuhell i påskeferien i år. Ho sklei av den våte trampolinen og landa på venstrearmen. På ny bar det til legevakta og sjukehuset, som konstaterte nok eit komplisert beinbrot. Det måtte opererast inn stålpinnar, og jenta fekk store smerter som blei behandla med morfin.

— Vi var nett komne heim frå sjukehuskontroll med den vonde venstrearmen då Emma var uheldig igjen. No var det fingrane på høgrehanda som fekk det, fortel mamma Irene Grindheim.

Snubla på idrettsbanen

Under leik på idrettsbanen på Husnes dagen etter skulestart nyleg, snubla Emma i ei metallist og fall.

— Eg reiste meg med ein gong, og skjønte ikkje heilt kva som hadde skjedd. Eg skreik mest då eg såg langfingeren min, den var heilt skeiv og ekkel. Eg la meg ned og visste ikkje kva eg skulle gjera, det gjorde heller ikkje venninna mi.

Vaksne kom til og fekk 10-åringen på legevakta.

— Då dei ringte mamma og fortalte at eg var på legevakta igjen, trudde ho det ikkje først, seier Emma.

Knekkjast på plass

Legen sette fire sprøyter rett i langfingeren som måtte knekkjast på plass. Så bar det over fjorden til Stord sjukehus enno ein gong. Der måtte den skeive fingeren knekkjast på plass for andre gong, og røntgenbilde viste at både lang-, ring- og veslefingeren hadde brot.

— Så fekk eg fire sprøyter til!

Mamma Irene fortel at jenta har lagt bak seg ein svært smertefull periode, og at dei knekte fingrane på høgrehanda kan bli eit problem. Skaden må følgjast nøye opp.

— Det er litt problem med skrivinga, men ho går på skulen og seier ho ikkje har vondt. Men ho må venta litt med handball, symjing og turn som ho har gledd seg slik til, seier mora. Ho legg til at dei to første uhella skjedde på andre sine trampolinar.

8000 skadde born årleg

— Vi har ikkje trampoline, eg har alltid synest at dei ser så utrygge ut, seier Irene Grindheim.

— Eigentleg sa eg at eg aldri skulle hoppa på trampoline igjen. Men det er jo veldig moro, så eg skal heller berre hoppa på dei med sikkerhetsnett. Og så skal eg bli flinkare til å sjå meg for! seier Emma Miranda Heggøy til Kvinnheringen.

I Noreg blir det ikkje ført ulukkesstatistikk spesielt for trampolinar, opplyser Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Ifølgje Danmarks Radio blir kring 8000 danske born skadde kvart år som følgje av trampoline-aktivitet.