— Eg har aldri vore så nær døden, sa Børge Risnes til BT i juni 2008. Han var då tilbake på moloen i Grunnavågen i Sagvåg, der han i 2002 fekk båten sin smadra på ein ulovleg bygd molo.

I natt lurte han døden endå ein gong, då tusentonnaren «Øystrand» dundra inn i skutesida akter på treskøyta hans.

— Eg har ikkje klart å tenkja på det. Det er først når eg ser skadane på båten og kaien i dagslys at det går opp for meg kor gale det kunne gått, seier Risnes som sov i båten saman med hunden sin.

- Trudde båten låg trygt

Ved sida av han på kaien står ein annan båteigar som også fekk båten sin øydelagd i uhellet.

— Nokre er berre uheldige, konstaterer Jan Nessa, betre kjent som kapteinen på HSD-hurtigbåten «Baronessa» som dundra på land ved Ranavik på Halsnøy i april 2004.

Han stig att og fram på flytebryggja inst i Leirvik hamn og ristar på hovudet.

Cabincruiseren hans — ein staseleg Riva 49 - er knust i hekken. Badeplattforma flyt i hamnebassenget, trestigen ligg som knuste fjøler på brygga. Ankeret står på skeive, skutesida er klemt og rekkverket bøygd.

— Det er trist når slikt skjer. Ein reknar jo med at båten ligg trygt inst i hamna, seier Nessa.

Uhell på sjø og i lufta

Han låg heime og sov og blei varsla om uhellet pr. telefon, men veit kva det vil seia å stå til rors på ei skute som ikkje vil lystra. I april 2004 måtte han styra hurtigbåten «Baronessa» på land i Ranavik på Halsnøy for å unngå samanstøyt med kaien.

Også i lufta heldt det på å gå gale. I 2009 stoppa motoren på helikopteret hans 3000 fot over bakken. Han måtte naudlanda på Jæren , men kraup uskadd ut av helikopteret.

Begge båteigarane på Leirvik er glade det berre er materielle skadar på båtane.

– Eg kjem frå det, men skuta kjem ikkje frå det. Kanskje eg skal halda meg til ein liten robåt frametter, seier Risnes.