Tre campingvogner står nedsnødd på Ulrikens topp. Like bortanfor er arbeidet i gang med å gi restauranten ei skikkeleg overhaling.

Folk frå Estland, Litauen, Polen, Romania og Norge jobbar for å bli ferdige til 1. mai.

Minus tolv grader

To karar frå Polen fortel på tre språk at dei har vore der seks veker. Dei legg steinheller inne der gjestene om berre nokre veker skal nyta utsikta.

— Minus tolv grader, smiler den eine på norsk.

— Ikke noe problem….

Uvêret kom

I førstninga av veka såg ein bakken med grøne vekstar. Handverkarane på byens tak begynte å tru på våren.

Men så kom uvêret natt til tysdag. Det var ingen i campingleiren som sov då vinden tok tak i vognene.

— Neste morgon var det berre å spa seg ut av snømengdene, fortel elektrikar Andre Heggland.

— Men det går greitt. Det er plass til tre i kvar vogn, men vi bur berre to saman, seier han.

- Ikkje bra å bu slik

Blikkenslager Veigo Kasemets håpar å vera ferdig med sin del av arbeidet til påske.

— Det er ikkje bra å bu slik, seier han. Men så må han le:

— Det er betre enn å gå opp og ned kvar dag! Det blir lange arbeidsdagar, fortel han.

Dei jobbar til sju kvar kveld. Vêret held han ute med skikkelege arbeidsklede.

— Det er særleg vinden som kan laga problem. Elles går det bra.

I ny drakt

  1. mai skal alt vera klart. Då står restauranten ferdig renovert med vegger av naturstein og glas.

Framfor bygningen vert det bygd terrasse der bergensarane kan sitja og sjå beundrande ned på sin kjære by etter ein tur med banen som også skal framstå i ny drakt.

Kunne du budd der? Bruk kommentarfeltet!