EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Spangs forsøk på å få oppheva ekskusjonen i landsstyret i går, førte ikkje fram. Resultatet kan bli at ein samla klubb ved SAS-hotellet på Bryggen melder overgang frå LO til YS-forbundet PRIFO (Privatansattes Fellesorganisasjon). Spang har nemleg full støtte frå dei 78 fagorganiserte ved SAS-hotellet.

Støtta avgjerda — Medlemmane ser fortsatt på Anne Grethe Spang som sin hovudtillitsvalde. Det kjem vi til å halde fram med, seier nestleiar Øystein Askeland i klubben på Radisson SAS Royal. Han ventar kanskje allereie i dag på kva vilkår PRIFO kan tilby den frustrerte klubben på Bryggen.

Det er nettopp kontakten med PRIFO som er grunngjevinga for å kaste Spang ut av LO. Den sentrale leiinga i HRAF, godt sekundert av den lokale distriktssekretæren i Bergen, Arild Hamre, hevdar at Spang har prøvd å føre dei LO-organiserte på Bryggen over til YS i samla flokk.

Landsstyret støtta avgjerda om eksklusjon, trass i at Spang sjølv fekk leggje fram saka si. Neste korsveg for Spang blir årsmøtet i forbundet i 2002, der ho kan prøve å få omgjort gårsdagens vedtak.

Striden har pågått sidan i fjor, og har resultert både i påstandar om mafiametoder og meldingar til politiet om injuriar.