— Dette er eit alvorleg brot på byggjeforskriftene, skriv Fylkesmannen i vedtaket.

— Endeleg har vi fått ei stadfesting på at hytteeigarar ikkje kan ta seg til rette i strandsona som dei vil, seier Magnar Bjorøy.

Det var han og kona Ingebjørg som stod fram i BT i fjor haust og fortalde om korleis utbyggjaren hadde teke seg til rette i idylliske Fløisteinpollen.

Det var like over påske i fjor at Magnar Bjorøy oppdaga at ein hyttenabo hadde bygd ein betongveg rett gjennom strandsona ved hytta deira utan å spørja nokon av naboane om lov.

Vil ikkje gle seg for tidleg

— Likevel er vi redde for å gle oss for tidleg. Vi er ikkje sikre på om vegen blir fjerna før vi ser at arbeidet verkeleg er i gang. Fjell kommune meinte opphavleg at det var nok at grunneigaren søkte om byggjeløyve i ettertid, seier han og minner om at det var først då BT skreiv om saka at Fylkesmannen vart kopla inn.

— Men vi gjev oss ikkje. Vert ikkje vegen fjerna, går vi til søksmål, seier Bjorøy.

Ekteparet har også vurdert å melda saka til politiet. Men dei vart rådde til å venta til at Fylkesmannen hadde stadfesta at betongvegen var ulovleg bygd.

I Fjell kommune er dei førebels litt knappare med kommentarane.

— Vi ser svært alvorleg på denne saka. Vi har no fått det endeleg stadfest at betongvegen er bygd ulovleg. Vi vil sjølvsagt sjå til at vegen vert fjerna, seier utbyggingssjef Willy Sørensen.

— Kan det vera aktuelt å krevja utbyggjaren for tvangsmulkt eller melda saka til politiet dersom utbyggjar ikkje fjernar vegen?

  • Det er det for tidleg å ta stilling til, seier utbyggingssjefen.

- Ei privatsak

Mannen som har bygd betongvegen i stranda på Bjorøy, vil ikkje uttale seg om saka til BT.

— Dette er ei privatsak, dette har de ikkje noko med, seier vegbyggjaren.

Han vil ikkje fortelja korleis han stiller seg til vedtaket som slår fast at vegen må fjernast.

Av Fylkesmannen sitt vedtak går det fram at hytteeigarane meiner ein i 2007 bør kunne få tilkomstveg heilt fram til hytta si. Ekteparet har også søkt om bruksendring frå hytte til heilårsbustad. Også dette sette fylkeskommunen foten ned for.

Denne ulovlege vegen må bort.
RUNE BERENTSEN