Skjenkjekontoret i Bergen kommune ante fred og inga fare då dei i byrjinga av mars fekk inn søknad om ambulerande skjenkjeløyve for Gravdalsveien 11 på Laksevåg. Søkjar var selskapet «Positiv Fritid Bergen AS», som skreiv dei ville arrangere «Utdrikningslag med inviterte». Festen skulle vere «kun for medlemmer», og ei medlemsliste var lagt ved. På programmet: «Danseshow/underholdning med artister fra forskjellige steder i Norge».

Skjenkjeløyve for øl, vin og sprit i eit lukka lag vart gitt, og laurdag var alt klart for fest. Men bortsett frå punktet om «danseshow» var det lite frå søknaden som stemte.

Kaffi og konjakk kr 80,-

Bergens Tidende fekk sist veke tips om at «Club Erotica» hadde opna dørene i ein kjellar på Laksevåg. Etter å ha kontakta både sexbutikkar i byen og folk i prostitusjonsmiljøet, lykkast det å få tak i eit opptrykt visittkort med teksten «Club Erotica — Invitasjon».

Då BTs journalistar ringde på den umerka døra i Gravdalsveien 11 ved midnatt natt til søndag, vart vi sleppt inn av ein velvaksen dørvakt.

Inne i gangen stod fleire vakter. Vi viste fram «Club Erotica»-kortet, betalte 100 kroner i inngang og signerte i ei utlagt gjestebok.

Inne i lokalet var det høg musikk og full fest, med 30-40 gjester - fleirtalet menn. Rommet var innreia som klubb, med dansegolv, lys- og lydanlegg, dj-pult, sofagrupper, benkar og bord - og ein velutstyrt bardisk.

Vi fekk servert øl i 0,4-glas til 50 kroner og kaffi og konjakk til 80 kroner, og det var rikhaldig utval av drikkevarer i baren. Bak bardisken hang ein monitor, kopla til eit overvakingskamera, som viste kven som kom og gjekk utanfor døra.

Frykt for kontrollørar

Kvar time vart gjestene servert ein ung kvinneleg strippar, som entra ein liten scene ved enden av dansegolvet. Showet varte eit kvarters tid, med full avkledning som finale. Ein mannleg gjest vart trekt opp på scenen i kvar økt - også ein av BTs utsende journalistar.

Dei to mennene som gjennom BT lanserte planane om «Club Erotica» i fjor sommar - Ronny Lauritsen og Ronny Landro - var til stades i lokalet, både framfor og bak bardisken. Den opphavlege planen var å etablere seg i Fana, eit prosjekt som stranda etter kraftige protestar frå grannelaget.

Skjenkinga natt til laurdag tok slutt klokka 02.00. Gjestane vart forklart at det var nødvendig å overhalde kommunen sine skjenkjereglar, i tilfelle kontrollørar, og alle gjester vart sendt på dør klokka 02.30.

Ingen sexleikar

Då Landro og Lauritsen la fram planane for «Club Erotica» i fjor, uttalte dei i BT at det skulle bli ein sexklubb med både stripping og sexleikar.

— Blant anna blir det eit fullt utstyrt rom for sadomasochistar. Folk får kose seg som dei vil, uttalte Landro den gongen. Han lova også ei rekkje rom med madrassar.

Skjenkinga av alkohol var ulovleg. Bygget er heller ikkje godkjent som selskapslokale.

BT var sjølve til stades på festen i kjellaren, som tidlegare vart brukt av ein MC-klubb.

Det var ingen ting å sjå av SM-leikar eller madrassar i Gravdalsveien 11 laurdag, men lokala skal ikkje vere ferdig utbygde. Det skal blant anna vere planlagt rom med boblebad og dusjar i kjellaren.

Gravdalsveien 11 har tidlegare vore adressa til ein av MC-klubbane i Bergen. Dei har nå flytta ut, og berre eit klistremerke på ytterdøra fortel om kven som heldt til der tidlegare.

Bygget tilhøyrer selskapet Veidung Energi AS, og vart oppført på 60-talet som forretningsbygg. I dag huser det ein storkiosk i første etasje, i tillegg til klubblokala i kjellaren. Det lykkast ikkje Bergens Tidende å få kontakt med representantar for utleigaren i går.

FRONTFIGURAR: Både Ronny Lauritsen (t.h.) og Ronny Landro var på plass under festen på Laksevåg, både framom og bak bardisken. I sommar presenterte dei for første gong planane om ein erotisk klubb i Bergen - den gongen i Fana.<p/> ARKIVFOTO: KNUT STRAND