Overvakingspolitiet meinte han var ein venstreekstremist fordi han sommaren 1975 leigde ut familiens nybygde leirskule til Raud Front til sommarleir.

Men den tidlegare sauebonden, leirskulesjefen og advokaten meiner sjølv at det var det sterke engasjement mot delar av Mongstadutbygginga som gjorde at Overvakingspolitiet fatta interesse for han. Han hevdar at han aldri har hatt spesiell kontakt med m-l rørsla.

Spesiell ortografi

Men i to spaningsnotat vert det gong etter gong hevda at Dyrkolbotn må vera venstrerevolusjonær fordi han har slike spesielle meiningar. Mellom anna har overvakingspolitiet studert skrivemåten hans og funne ut at han har ein ortografi og eit vokabular som gjer at han må vera ekstremist.

Nesten 30 år seinare hugsar Dyrkolbotn godt alt oppstyret det vart den veka leiren vart avvikla. To episodar sit spesielt godt i minnet.

Branninspeksjon med politi

— Ein av dei fyrste dagane Raud Front var på skulen, vart eg oppringt av lensmannen. Han ville ha ei namneliste over kven som var til stades på skulen.

Eg viste han til Terje Valen og Kjell Høibraaten, som var mine kontaktmenn på leiren.

— Men lensmannen var ikkje nøgd med det. Han gjorde det klart at det ville verta vanskeleg å få herbergeløyve slik at eg også kunne driva leirskulen som fjellstove om eg ikkje straks skaffa han ei deltakarliste. Eg såg til at leirleiinga sende ei liste. Men eg veit ingenting om kva namn som vart sett opp på lista, seier han.

Kontakten med lensmannskontoret var ikkje slutt med dette.

— Få dagar etter ringde lensmannen på nytt. Han forlanga branninspeksjon på skulen. Stor var mi forundring då ikkje berre brannsjefen, men også ein lensmannsbetjent dukka opp på skulen då branninspeksjonen vart utført, seier Dyrkolbotn.

Taktisk medlemskap

I august i 1981 har overvakingssjefen fått den siste rapporten om Dyrkolbotn. Der står det å lesa at det har vore mykje «bråk» med Dyrkolbotn dei åra han var kommunestyrerepresentant. «Han ble kastet ut av partiet og har inneværende kommunestyreperiode vært første varamann for Venstre. Politisk har han vel aldri lagt skjul på at han tilhører yttarste venstre fløy (RV).

Dette partiet har vært og vil heller ikke nærmeste fremtid ha mulighet for representasjon i kommunestyret. Han har derfor funnet det taktisk å stille for de overnevnte partier», seier rapporten.

Vås

— Dette er reint vås. Eg har aldri vore knytt til RV, hevdar Dyrkolbotn.

— Rett nok kjende eg fleire i dette miljøet då eg underviste på Bergen lærarskule tidleg på 70-talet, men utover det hadde vi ingen kontakt.

— Var det mykje bråk rundt deg i kommunestyret?

— Eg vart nominert på Senterpartiet si liste etter ein grendeaksjon fordi eg målbar protestar mot fjellplanen for Nordhordland. Seinare melde eg overgang til Venstre fordi eg vart usamd i miljøpolitikken Senterpartiet førte, seier Dyrkolbotn.

I dag karakteriserer han seg som partilaus. Men han innrømmer at han stor sans for Kystpartiet fordi Steinar Bastesen vågar å stå for sine eigne meiningar.