I byggjefeltet Saltkjelen like ved Ljøsne skule i Lærdal er ein heil ungeflokk i vilter leik. Naboane Sissel Simonsen og Gro Holmen har fem små som held dei i vigør. Dei tre minste blei fødde i Lærdal. Det skulle i følgje Nasjonalt Råd for fødselsomsorg ikkje ha skjedd.

Sissel Simonsen skulle eigentleg til Haukeland då ho var gravid med tvillingar. Tvillingfødslar er mellom fødslane som skal bort frå Lærdal, sjølv om fødestova har full beredskap av gynekologar. Gynekologane på vakt skal berre i aksjon når det er tvingande nødvendig.

Men tvillingane Stina og Håkon hadde det travelt. Sissel Simonsen skulle leggjast inn på Haukeland ein måndag, men to dagar før gjekk vatnet. Dermed bar det i ambulanse den knappe halve timen til sjukehuset i Lærdal.

— Dei prøvde å få luftambulanse, men det bles så hardt at helikopteret ikkje kunne lande. Ambulansebil blei også omsnakka. Medan eg venta på at dei skulle bestemme seg, starta fødselen. På ein time var alt over, fortel Simonsen.

I ettertid konkluderer Nasjonalt råd for fødselsomsorg med at situasjonen var handtert på godt vis. Men rådet konkluderer med at «medlemer av rådgivningsgruppa med kunnskap om lokale meteorologiske forhold tok opp at det erfaringsmessig er betre landingsforhold for helikopter ved fergeleiet enn i Lærdal».

— Eg torer ikkje tenkje på at fødselen kunne skjedd i ambulansebil eller helikopter.

Gro Holmen fekk 40 i feber nokre dagar før ho skulle leggjast inn på Voss. I staden for å overføre ho til Voss eller Førde, blei det avgjort å gjere eit akutt keisarsnitt. Gjennom undersøkingar meinte gynekologen at barnet var stressa, og at det hasta.

— I ettertid viste det seg å vere knute på navlestrengen. Det kunne ha gitt Katrine pustevanskar, fortel Gro Holmen.

Etter fødselen blei barnet sendt med helikopter til Førde, fordi det var mistanken om ein infeksjon. Mora reiste etter i ambulansebil. Nasjonalt råd for fødselsomsorg meiner at Gro Holmen skulle vore overført før fødselen, og ikkje forløyst i Lærdal, fordi sjukehuset ikkje i same grad kan ta seg av sjuke barn som større institusjonar.

Dei to seier folk er redde for at fødetilbodet skal bli ytterlegare nedbygd.

— Sjukehuset er veldig viktig i forhold til lokalsamfunnet. Blir beredskapen med gynekologar fjerna, vil fødande oppleve det som langt meir utrygt, meiner dei.