Uhellet skjedde onsdag kveld på toppen av ein tank. Tanken skal ha vore tom.

— Under sveisearbeid på ein tank kom nokre gnistar borti isolasjon. Det førte til at det ulma, seier Håkon Ivarson.

Direktøren ved Alexela Sløvåg seier gnistane aldri utvikla seg til eit branntilløp.

— Brannslukkeutstyr var rett ved, og vi handterte der og då. Deretter hadde vi brannvakt natta gjennom, seier Ivarson.

GNIST: Sveisearbeid ved ein av dei mindre tankane førte til ulming. Tanken skal ha vore tom under sveisinga.
Skodvin, Helge