Bruk av urette feilmeldingar eller «avviksmeldingar» om kolleger er utbreidd.

Det hevdar fleire kjelder som anten arbeider eller har arbeidd i ambulansetenesta, overfor Bergens Tidende.

Den medisinsk-faglege sjefen for ambulansetenesta, sekjsonsoverlege Guttorm Brattebø, stadfester at det har vore ein del uro og ein del «episodar». Han avviser ikkje at ein kan snakke om «ukultur».

Alvorlege episodar

Avviksmeldingane omfattar svært alvorlege episodar som kunne ha skapt farlege situasjonar. Dei fortel om handlingar som i ettertid blir forklart som «praktisk spøk» men der konsekvensane kunne ha blitt dramatiske om «spøken» ikkje var blitt oppdaga.

Eitt slikt tilfelle gjeld plassering av ein stor stein på taket av ein ambulanse. Eitt anna tilfelle gjeld tapping/tømming av oksygen frå ei oksygenflaske i ein ambulanse. Ein ambulansearbeidar har forklart at han sjølv tappa oksygen frå ei flaske for å tømme flaska i samråd med ein kollega på bilen. Den utpeika kollegaen nektar eitkvart kjennskap til ei slik handling.

Avskil

— Begge desse sakene er kjente og er behandla internt, seier viseadministrerande direktør, Stener Kvinnsland, ved Haukeland universitetssjukehus til Bergens Tidende.

Han seier at stein-episoden ligg langt tilbake i tid, innpå tre år, og at i saka med oksygenflaska står påstand mot påstand. Difor er det ikkje råd å konkludere med kven som har gjort kva. I motsett fall ville det ha resultert i avskil.

Han understrekar at begge sakene er svært alvorlege.

Drapstrugsmål

I vinter vart det kjent at ein ambulansesjåfør vart meld til politiet for drapstrugsmål mot ein kollega. Til kollegaer skulle han ha uttala at ein annan kollega «skulle ha vore avskilta. Ja han skulle ha vore skoten.»

Saka er etter ei viss etterforsking, lagt vekk av politiet, «etter bevisets stilling», men avgjerda er påklaga til statsadvokaten.

Seksjonsoverlege Guttorm Brattebø er medisinskfagleg ansvarleg for ambulansetenesta. Han seier at den som sto bak utsegnene som vart oppfatta som drapstrugsmål, har fått ei skriftleg åtvaring.

Episoden med steinen på biltaket gjekk ein ikkje tungt inn i.

— Saka var gammal. Steinen vart oppdaga, og det skjedde ingenting.

Utslepp av oksygen

— Oksygen-saka fekk vi kjennskap til lang tid etter at den skulle ha skjedd. Det gjorde det vanskeleg for oss å sjekke kva realitetane i saka var. Heldigvis skjedde det ikkje noko i tilknyting til pasientbehandling, seier Brattebø.

Han meiner «ein gammal personalkonflikt» er årsaka til at saka i det heile vart innrapportert. Det skjedde lenge etter at episoden skulle ha hendt.

Brattebø konkluderer med at han tvilar sterkt på at nokon med vilje har tømt ei flaske for oksygen. Han trur med andre ord ikkje på forklaringa om utslepp av oksygen.

Ifylgje Brattebø har saka ikkje fått nokon konsekvensar, heller ikkje for han som har vedgått å ha tappa oksygen og søkt å sverte ein kollega.

«Fabrikerte» avvik?

Bergens Tidende har fått tilgang til dokument som indikerer omfattande misbruk av avviksmeldingar.

— Å skrive avviksmeldingar på kollegaer er ikkje noko ukjend fenomen. Vi opplever det i heile helsevesenet - ikkje minst der personell ikkje likar trynet på kvarandre. Det er ikkje ukjend at nokon seier at «dersom du klagar på dette - skriv eg avvik på deg». Det er sterkt beklageleg, seier Brattebø.